Forskar: Her er ni råd for å leve meir miljøvenleg

Som forskar intervjua ho 58 norske familiar for å finne ut korleis vi alle kan bli meir miljøvenlege. Her er hennar beste tips for ein meir klimavenleg kvardag.

Karen Moberg

KJEM MED RÅD: Karen Richardsen Moberg har intervjua 58 norske familiar om deira klimautslepp. Ho har nokre klare råd til dei som vil kutte klimagassutsleppa sine.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det må ekstreme tiltak til dersom ein skal avgrense den globale oppvarminga til 1,5 gradar. Det kjem fram i rapporten som FN sitt klimapanel la fram nyleg.

– Det er eit tydeleg signal om at vi må gjere vårt ytste for å kutte utslepp no, med alle dei hjelpemidla som er tilgjengeleg, seier Karen Richardsen Moberg ved Vestlandsforsking.

Moberg er klimaforskar og har akkurat vore med å publisere ein studie om korleis norske familiar kan redusere sine utslepp. Ho meiner det er mykje ein kan gjere som forbrukar.

– Alt vi gjer i dagleglivet vårt bidreg til utslepp av klimagassar. Om vi endrar åtferd og handlar annleis, så kan vi vere med å bremse klimaendringane, seier ho.

Ni gode råd

  • Fly mindre, eller slutt å reise med fly. Dei fleste familiane var ikkje klar over kor mykje det forureina å fly. Flyreiser bidrog desidert mest til klimagassutslepp frå familiane vi intervjua.
  • Bytt ut flest mogleg bilreiser med å gå, sykle eller reise kollektivt.
  • Bytt ut bensin/dieselbil med elbil.
  • Et mykje mindre kjøtt – eller best av alt: slutt å ete kjøtt.
  • Et større andel kortreist og økologisk mat.
  • Dersom du byggjer eit nytt hus – bygg etter såkalla passivhusstandard.
  • Gjer tiltak for å energi-effektivisere bustaden din (etterisolering av vegger og tak, bytt til trippelglas vindauge, skifte til meir effektive system for oppvarming av vatn og bustad osv.).
  • Produsere din egen energi ved å installere anlegg for solfangar, solcelle, jordvarme eller fjordvarme.
  • Kjøp meir fersk og mindre frosen mat.

Ein av dei som tek til orde for å leve meir miljøvenleg er forfattar Gert Nygårdshaug som er aktuell med romanen «Zoo Europa».

Slutt med kjeldesortering og få færre ungar, er hans oppmoding.

Janne Kristiansen

MILJØVENNLEG FAMILIE: Janne Kristiansen og sonen er opptekne av å leve miljøvennleg.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Trudde dei var miljøvennlege

– Vi lever forholdsvis miljøvennleg. Vi brukar bilen lite og prøver å handle mat som har gått ut på dato. Det som overraska meg mest var kor mykje flyreisa til Thailand for to år sidan hadde å seie for karbonavtrykket vårt, seier Janne Kristiansen.

Ho er trebarnsmor og bur på Minde i Bergen. Hennar familie deltok i forskingsprosjektet til Vestlandsforsking.

Kristiansen seier ho alltid har vore oppteken av å vere miljøvenleg, men no har ho blitt ennå meir miljøbevisst.

– Etter å ha vore med på undersøkinga er det lettare å tenkje at om eg har ei jobbreise til Oslo, så kan eg ta nattoget. Eg har tenkt at eg skal klare å fly litt mindre, seier Kristiansen.