Hopp til innhold

Forskar: «Vi er ikkje redde nok»

– Vi må bli redde nok før vi gjer noko. Det seier klimaforskar Carlo Aall, etter skadeflaumen som førre veke råka fylket vårt og særleg indre Sogn med full styrke.

Flaum

FLAUMSKADAR: Forskarar meiner vi er meir opptekne av å beskytte oss ennå førebygge.

Foto: MONTASJE: Oddleif Løset/ Arve Uglum / NRK

– På sett og vis håpar eg å skape frykt, seier forskaren.

I førre veke la han og kollegaene fram ein rapport som syner at dårleg planlegging kan vere ein vel så viktig grunn som dårleg vêr til at naturskade oppstår. Forskarane meiner at sju av 10 skader kunne vore unngått om ikkje hus og vegar låg feil plassert i terrenget.

– Eg trur vi må bli redde nok, særleg fordi klimarabeidet konkurrerer med så mange gode føremål som skule og helse og slike ting.

Aall viser til storflaumen som råka København for to år sidan. Den gongen gjekk re-assuranse-selskapa, altså dei som forsikrar forsikringsselskapa, og sa til sine forskingsselskap at OK vi betaler denne gongen, men ikkje neste gong.

– Det førte til at forsikringsselskapa gjekk til kommunane og sa hallo, det er ein del område vi ikkje lenger vil forsikre, om ikkje noko blir gjort.

Det har resulterte i eit budsjett på åtte milliardar for å sikre flate København mot nedbørsflaum.

LES ALT OM OKTOBERFLAUMEN HER

Carlo Aall

FØREBYGGING: Forskingsleiar ved Vestlandsforsking Carlo Aall

Foto: Arve Uglum / NRK

– Det viser at med eit samfunn som vi har i dag, med dyr infrastruktur, så kostar det å verne seg mot natur, som ein kanskje har vent seg til å litt sånn gløyme i kvardagen.

Aall viser til eit eksempel frå heimlegare trakter. I samband med utbygging av E6 i Gudbrandsdalen fekk dei kasta over seg at det måtte takast omsyn til klima. Der spurte forskarane om dei ha tenkt på at om dei la E6 ein anna plass enn der den ligg no så ville de ført til mindre klimaskadar

– Svaret var at ja, sjølvsagt hadde dei det. Kunne dei fått det til? – Nei, sjølvsagt ikkje.

Aall seier det er så mange andre sterke interesser som overstyrer, så tilnærminga blir å beskytte seg, heller enn å redusere eksponeringa.

– Det trur eg gjeld i mange tilfelle, som igjen botnar i at vi ikkje er redde nok, eller skadane ikkje er store nok. Vi beskyttar oss heller enn å førebygge.

– Dersom det skjer ofte nok, trur du at innstillinga då vil endre seg?

– Ja, den er vel kanskje i ferd med å endre seg, men eg opplever det som eit svarteper-spel, der statlege styresmakter seier dette er kommunane sitt ansvar. Kommunane seier at dei ser dette ansvaret, men at dei ikkje klarar å spele dette kortspelet. Slik går det litt fram og tilbake, og dermed skjer det for lite.