Forskar: – Regjeringa sin landbruksmodell er ikkje tilpassa vestlandsbonden

Regjeringa sin landbrukspolitikk legg til rette for stordriftsfordelar, noko som slår dårleg ut for gjennomsnittsbonden i Sogn og Fjordane.

Slått

TUNGDRIVNE: Regjeringa sin landbrukspolitikk slår dårleg ut for småbruk på Vestlandet meiner forskar.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det meiner Lars Johan Rustad, avdelingsleiar ved Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking.

Han trur regjeringa sitt ønskje om større einingar i landbruket kan få konsekvensar for bøndene på Vestlandet sin vilje til å satse vidare.

– Smertegrensa må den enkelte avgjere sjølv. Men regjeringa gjev nokre signal om kor lett det blir å vere bonde framover, seier Rustad.

– Råkar dei minste hardast

Regjeringa stimulerer til større einingar, mellom anna ved å fjerne avgrensingar for kor mange dyr ein kan ha, før tilskota blir reduserte.

Lars Johan Rustad

KRITISK: Lars Johan Rustad, avdelingsleiar ved Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking, meiner regjeringa sin landbrukspolitikk råkar dei minste hardast.

Foto: Privat

For å dekke inn dette har fleire smådriftsfordelar blitt fjerna.

– Dette råkar dei minste hardast, seier Rustad.

– Sogn og Fjordane har ein topografi og struktur på jordbruket som gjer at einingane er noko mindre enn gjennomsnittet i landet.

Tener mindre enn landssnittet

Tal frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking syner at bøndene i fylket i snitt tente i overkant av 240 000 kroner mellom 2009 og 2013, noko som er under landsgjennomsnittet.

– Kva blir konsekvensen dersom denne utviklinga held fram?

– Viss bøndene held fram, blir konsekvensen at ein sakkar akterut i inntektsutviklinga, alternativt at ein gir seg med jordbruket. Det har vore tendensar til at avgangen har vore større på Vestlandet enn andre stader, seier Rustad.

Bøndene håpar på gode jordbruksforhandlingar

SJÅ TV-SAKA: Bøndene håpar på gode jordbruksforhandlingar.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.