Hopp til innhold

Forskar: – Norsk landbruk går feil veg

Reidar Almås meiner at landbruket nyttar for lite av dei ressursane som finst lokalt. Meir dyrka jord og meir bruk av utmarka er svaret, meiner han.

Landbruksoppgjer, Reidar Almås, Vik

UTFORDRANDE: I store delar av Norge er det ikkje lett å drive landbruk. Almår meiner at det må bli meir lønsamt å nytte seg av det som finst lokalt, framfor å importere ressursar frå utlandet.

Foto: /Berit Keilen

Reidar Almås, professor i bygdesosiologi, meiner norsk landbruk går feil veg når det blir mindre dykra jord i bygdene våre. På landbruks- og matkonferansen i Kaupanger heldt forskaren eit foredrag om kva han meiner er best for landbruket.

– Det går feil veg i norsk landbruk. Sjølv om vi har ein landbrukspolitikk der vi bruker 14,5 milliardar i året, og vi har fornuftige ordningar, så blir det mindre dyrka jord. Når jordbruket går attende, må vi gjere noko med det, meiner forskaren.

Vil bruke meir av jorda og utmark

Almås meiner at landbruket nyttar for lite av dei ressursane som finst lokalt. Medan i dag blir mykje importert frå utlandet.

– Ein må få brukt meir av den dyrka jorda, og ta meir kaloriar frå utmarka. Halvparten av alt som veks i utmarka går attende til naturen utan at det det blir teke opp av dyra, seier han.

På Vestlandet og andre stadar i landet er det veldig variert natur, og i store delar av Norge er det ikkje berre enkelt å drive landbruk.

– Det er særleg naudsynt å ha eit politisk landbruk her på Vestlandet, seier Almås.

Alernativ til import

Han meiner derfor at det må bli meir lønsamt å dyrke gras, og å ha dyra i utmark. I tillegg meiner Almås at det som blir importert i dag bør bli erstatta av lokal produksjon, slik at landbruket kan bli meir bærekraftig.

– Ein kan gjere det meir lønsamt å dyrke norsk korn, slik at ein ikkje treng å importere mais og soya til kraftfôr. Det må bli meir lønsamt å produsere storfekjøt, for vi må slutte å importere så mykje storfekjøt, kvart femte kilo storfekjøt blir no produsert i utlandet, seier han.