Hopp til innhold

Forskar: – Det ser ut som tennene var sagd av

Forskar fryktar at nokon har sagd av støttennene på ein daud kvalross som stranda i Florø.

Kval

KUTTA AV STØTTENNER: Kadaveret ligg i fjæra i Florø med avkutta tenner.

Foto: FLORA KOMMUNE

– På bilete ser det ut som om støttennene er sagd av, seier Tore Haug, som er avdelingsleiar for sjøpattedyr ved Havforskingsinstituttet i Bergen.

Det var på onsdag politiet kunne melde om ein kvalross som enda sine dagar i fjæra i kystbyen. Kvalrossen er langt frå daglegdags syn, då den har sitt naturlege tilhald rundt Svalbard og på kysten av Nord-Russland.

Haug får oftare inn melding om levande kvalross i full vigør, enn om dei strandar.

– Det er ikkje uvanleg at ein kvalross kan ta seg ein tur langs norskekysten på denne tida av året. Når folk ringer meg handlar det mest om levande kvalross.

Statens naturoppsyn har også vore på staden, og er usikre på om det er ein kvalross.

– Vi trur det er ein tannkval, men vi får sjå kva som kjem fram når den vert undersøkt nærare i morgon, seier Rein-Arne Golf.

Ulovleg å omsetje tenner

Kvalross blei nær utrydda etter 350 år med intens fangst. Etter 50 år med freding er bestanden framleis låg og på lista over truga dyreartar.

Omsetning av kvalrosstenner er forbode over heile verda gjennom FN, og i fjor haust blei ein mann i Alaska dømd til seks månader fengsel for omsetning av kvalrossbein.

Kvalrossane var ein gong særs vanlege på Svalbard, men 350 år med intens fangsting gjorde at bestanden nesten vart utrydda. Dei vart freda på øygruppa i 1952 og då var det berre nokre hundre dyr igjen.

Etter over 50 år med freding er bestanden framleis låg, og står på den norske rødlista over truga dyreartar.

Blir fjerna av kommunen

No skal Flora kommune fjerne dyret, men før det skjer skal dei opne den opp for å sjå etter spor av plast.

– Vi må få den vekk. Først skal sjå om det er plast i magen med tanke på det som skjedde på Sotra, seier Magne Igland som er brannsjef i Flora kommune.

Ein sjuk gåsenebbkval stranda på Sotra med magen full av 30 plastposar, og kommunen er usikre på om det er tilfelle med kvalrossen i Florø.

– Vi skal opne opp kadaveret på plassen. Til det må vi få tak i nokon som kan gjere det, seier Igland.