NRK Meny
Normal

Forskar vil ha ny PST-leiing

Forskingsleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Georg Arnestad, meiner terrorhandlinga 22. juli viser at Politiets sikkerhetstjeneste (PST) treng ein ny sjef.

Georg Arnestad

NY SJEF: Forskingsleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Georg Arnestad, meiner PST viser at dei ikkje er i stand til å stogge kreftene som trugar tryggleiken i Norge.

Foto: NRK

Arnestad meiner terrorangrepet 22. juli viser eit PST som står som hjelpelause vitne, i staden for å stogge krefter som trugar nasjonen sin tryggleik.

– Det er behov for revisjon og behov for å tenkje nytt om arbeidsmåtar og strategiar i PST. Og for å leie det arbeidet treng vi ein ny PST-sjef, eller ei ny leiing i PST, seier Arnestad.

– For lite ressursar

Vel to veker etter terroråtaka mot Oslo og Utøya, er kritikken mot PST-sjef Janne Kristiansen i ferd med å reise seg.

Janne Kristiansen

FÅR KRITIKK: PST-leiar Janne Kristiansen får kritikk etter terroråtaka som kravde 76 menneskeliv.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

I ein kronikk i VG måndag, meiner Arnestad at det er på tide med ei PST-leiing som er i stand til å handtere eit annleis trusselbilete.

Eit trusselbilete der hovudfokuset ikkje nødvendigvis er ekstrem islamisme slik som PST har trudd, men heller ytterleggåande islamfiendtlege miljø.

– Alt tyder på at PST har brukt alt for lite ressursar på å samle inn systematisk informasjon om det høgre ekstreme islamfiendtlege miljøa i Norge, og å sette dette saman. Men dei seier framleis at desse høgreekstreme miljøa ikkje utgjer noko trusselfare i Norge. Sjølv etter attentatet så held dei fast på påstanden sin, seier han.

– PST har teke feil

Kort tid etter åtaka hevda PST at den terrorsikta var ein einsam ulv som det var vanskeleg å få tak i. Seinare har det kome fram at massedrapsmannen har hatt kontakt med islamfiendtlege grupper og personar.

Arnestad meiner dette viser kor opplagt PST har teke feil i vurderingane av trusselbiletet.

– PST har teke feil, men vil ikkje innrømme det. Det som kanskje er mitt hovudpoeng i VG i dag er at PST truleg har brukt for lite ressursar på å følgje elektroniske spor som høgreekstreme, enkeltpersonar og miljø set etter seg, seier han.

– Ingen kommentar

Verken PST eller Justisministerenn vil kommentere kritikken i dag. Begge viser til regjeringa sin kommisjon, den såkalla 22. juli kommisjonen, som skal gå gjennom alle sider ved terroråtaka.

PST-sjef Janne Kristiansen har gjeve få intervju etter terroråtaka, men fekk i Dagsrevyen 25. juli spørsmål om PST er i stand til å ivareta Norge sin tryggleik.

– Vi har gjort det vi kunne innan dei råmer vi har, dei lover og reglar som gjeld, og metodar som vi har, svarte ho.

Vil ikkje ha Stasi-metodar

Kristiansen sa då at om ein ikkje nyttar ekstreme overvakingsmetodar, så må ein faktisk rekne med at slike ting kan skje.

Ho drog også parallell til Stasi under den kalde krigen.

– Slik vi ser det per i dag, så vil det vere umogleg for oss og for andre land å fange opp ein person som dette. Vi gjer i Europa eit val om å leve i eit fritt Europa, utan Stasi-metodar, sa ho.

– Forkludrande

Forskingsleiar Arnestad meiner Kristiansen ikkje evnar å ta sjølvkritikk og bevisst prøver å forkludre debatten med slike utsegn.

Dette er eit taktisk og villeiande utsegn frå Janne Kristiansen. Det er ingen av dei som er kritiske til PST sin overvåkingsinnsats som tek til ordet for at vi skal ha ei sterkare generell overvaking i dette samfunnet, seier han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå