Hopp til innhold

Forskar meiner fjordane er for tilgjengelege for cruiseskip

– Ein bør vurdere å regulere cruisetrafikken i dei norske fjordane.

Queen Mary 2 i Aurlandsfjorden

MANGE: Cruiseturismen er i kraftig vekst og om nokre år kan Norge runde ein million cruiseturistar i løpet av nokre hektiske sommarveker.

Foto: Jan Christian Jerving

Det meiner Eivind Brendehaug i Vestlandsforsking om den veldige veksten av cruiseturistar.

Forskaren meiner veksten ikkje er berekraftig.

Eivind Brendehaug

FORSKAR: Eivind Brendehaug ved Vestlandsforsking er ekspert på berekraftig reiseliv.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Cruiseturisme er den mest problematiske forma for turisme når det gjeld berekraft, seier forskaren og etterlyser ei meir berekraftig tenking i reiselivet.

Minst miljøvennleg

Brendehaug meiner at ein bør vurdere å avgrense både skip og turistar sin tilgang til norske fjordar. For trafikken er stor – og i vekst.

Tal frå Transportøkonomisk institutt viser at cruisepassasjerane har auka frå litt over 100.000 til nær 700.000 siste 20 åra. Stadig nye skip blir bygde.

Samstundes viser fleire studiar viser at ingen reiselivsformer er så lite miljøvennlege som cruiseturisme.

– Skipa fraktar med seg ein heil liten by. Det betyr at dei har høgt energiforbruk og høgt utslipp av klimagassen karbondioksid, seier Brendehaug.

Fri tilgang til fjordane

Studiar viser også at reiselivsforma skaper små verdiar lokalt.

– Samanliknar du cruise med turisme der turisten overnattar på hotell eller anna form på land, så viser det at det er den landbaserte turismen som gir mest lokal verdiskaping, held han fram.

Men i dag er det ingenting som hindrar båtar og skip å segle inn i fjordane.

– Så lenge skipa følgjer internasjonale reglar på sjøen, så kan dei gå så langt inn i fjordane som dei ynskjer. Det er først når dei skal leggje til kai at dei må få løyve, seier Brendehaug.

Ynskjer høg trafikk

– Eg tykkjer at dette er ein negativ angrepsvinkel, seier ordførar Noralv Distad (H) i Aurland. Kommunen er ei av Norges største reiselivskommunar.

Noralv Distad

YNSKJER VEKST: Ordførar Noralv Distad (H) er oppteken av at flest mogleg skal få sjå og oppleve attraksjonane i fylket.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I verdsarvområdet Nærøyfjorden går båttrafikken inn og ut fullstappa med turistar. I Flåm ligg cruiseskipa tett. Distad meiner det er feil å avgrense tilgangen til turistane.

– Vi har ei verdsarv å ta vare på, men også ei verdsarv som vi skal dele med resten av verda. Då må vi klare å halde oppe ein høg trafikk, samstundes som det utviklar seg på ein berekraftig måte, seier han.

– Ikkje berre miljø

Brendehaug ynskjer at kommunane spør seg korleis cruisesatsinga samsvarar med andre overordna mål som samfunnet har, mellom anna omsynet til klima og berekraft.

Ordførar Distad meiner at ein berekraftig cruiseturisme handlar om meir enn berre miljø.

– Veldig mange får ei fantastisk oppleving ved å komme inn i fjordane våre, oppleve attraksjonane i området og det gjev gode inntekter til det lokale næringslivet. Når ein tenkjer berekraft så må tenkje miljø, økonomi og god lokal samfunnsutvikling.