NRK Meny
Normal

Forskar meiner styresmaktene har hamna bakpå

Myndigheitene har ikkje kontroll på kven som overnattar gjennom nettsider som Airbnb. Forskar ber dei vakne for å få på plass lovgiving.

Lene Pettersen

VIL HA TILTAK: Lene Pettersen ved UiO meiner myndigheitene må setje i gang tiltak for å kartleggje og regulere bruken av private utleigetenester som Airbnb.

Foto: Privat

– Det finst oversikter over kven som overnattar, kor mykje folk tenar på å ta i mot overnatting og så vidare. Det burde vere ein smal sak for myndigheitene å kartleggje dette, seier Pettersen.

Ho er forskar og har skrive ein rapport om bruken av utleigetenester som Airbnb. Vi veit at bruken av slike tenester er i sterkt vekst. I dag etterlyste NHO at myndigheitene får ein betre oversikt over denne veksten. Pettersen er samd.

– Vi treng statistikk. Vi treng å vite omfanget av dette. Kor mykje pengar er det som forsvinn ut av landet?

Skjermbilde frå Airbnb-nettside

LEIG UT HUSET DITT: Airbnb er ein teneste som let folk leige ut hus, hytter og leilegheiter for kortare periodar. Tenesta vert nytta både av privatpersonar og profesjonelle utleigarar.

Vil tene pengar og ha det hyggjeleg

I ein rapport som Pettersen skreiv for Forbruksforskningsinstituttet SIFO, intervjua ho og dei andre forskarane mange ulike folk som leigde ut hytter, hus og leilegheiter.

– Dei aller fleste gjer det fordi dei kan tene litt pengar, men også fordi dei tykkjer det er hyggjeleg å ha folk på besøk, seier ho.

Ho fortel at det er ein tydeleg trend at tenester som let folk leige private husvære, er i vekst.

– Folk søkjer autentisitet og ekte opplevingar. Ikkje minst gjeld det når ein er på tur i utlandet. Likevel veit folk flest veldig lite om reglane knytt til dette. Dei veit ikkje kor mykje dei kan tene før dei må melde ifrå om inntektene sine, til dømes.

Og det er nettopp difor ho meiner myndigheitene må ta grep.

– Digitaliseringen går mykje raskare enn lovgivinga, så teknologien er der allereie. Ein må berre bestemme seg for å bruke den.

SSB opplyser til NRK at denne problemstillinga vert jobba med i fleire europeiske land. Etter kvart som delingsøkonomien aukar i omfang, vert statistikken mangelfull. Finansdepartementet vedgår at ein i dag ikkje har ein offisiell og dermed truverdig statistikk over omfanget av denne delen av delingsøkonomien.

​NRK har spurt Airbnb om dei er villige til å gje opp overnattingsstatistikk til norske styresmakter, men har så langt ikkje fått svar.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast