Hopp til innhold

Forskar åtvarar mot kutt i flaumsikring

– Dette er jo eit av døma på at ei krone spart er ti kroner tapt. Slik oppsummerer professor og forskingsleiar Carlo Aall ved Vestlandsforsking regjeringas forslag til kutt i løyvingane til flaum- og skredsikring.

Utvik flaum

HARDT RÅKA: I Utvik vart det åtvara mot flaum, og blant andre NVE vart skulda for ikkje å ha gjort nok for å hindre skadene flaumen påførte bygda i sommar.

Foto: NRK-TIPSAR

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Det er store summar for kommunane og staten å spare på å investere i flaum- og skredsikring – framfor å bruke pengar på å reparere i ettertid. Det syner ein ny rapport frå Vestlandsforsking.

Carlo Aall

FORSKINGSLEIAREN: Carlo Aall meiner regjeringa må investere framfor å spare. Då kan staten verkeleg spare pengar, meiner han.

Foto: Randi Indrebø / NRK

– Vi har sett på flaumen i Gudbrandsdalen i 2013. Det vi fann var at hadde ein «gjetta» på kvar ein flaum kunne gjere skade og så sett inn tiltak der, kunne ein ha kome unna med ein tidel av det det kosta å reparere skadane etter flaumen, seier Carlo Aall.

Sterke reaksjonar

I forslaget til statsbudsjett vil regjeringa nesten halvere løyvingane til flaum- og skredsikring. Dette har fått fleire til å reagere. Blant andre Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum:

– Det er heilt hol i hovudet. Alle ser at det bør brukast meir pengar på førebygging, ikkje mindre, sa han til Dagbladet då budsjettforslaget vart presentert.

Også flaumoffer på Sørlandet reagerer på kutta. Først og fremst fordi olje- og energiminister Terje Søviknes framleis lova hardt trykk på dette arbeidet då han besøkte dei flaumråka områda tidlegare.

– Underleg stad å spare

No åtvarar også forskarane mot sparelinja. Klimaforsking har synt at nedbøren kan auke med mellom fem og 30 prosent i dette hundreåret, med auka fare for flaum og flaumskred.

– Det er underleg at det er her regjeringa vil spare, seier Aall.

– Det løner seg å ta ekstrakostnaden

Og når skaden først har skjedd, og det skal byggjast opp igjen, peikar Aall på at det er lønsamt å ta ekstrakostnadene med å flaum- og skredsikre ekstra godt.

– Lønsemda av den ekstrakostnaden er veldig stor. Å ikkje gjere det, er veldig dumt. Der er det ein del ordningar som hindrar at dette ikkje skjer. Det finst ein del statlege ordningar som berre gir tilskot til å byggje opp igjen slik det var før. Skal flaumførebygginga forsterkast, må det takast pengar frå andre budsjett.

– Det må ryddast

Ifølgje forskingsleiaren er det overraskande få ordningar som gir støtte til både å byggje opp igjen og gjere sikringa meir robust.

– Det enklaste tiltaket er å rydde opp i dei ordningane som finst, slik at det er råd å få støtte til både å reparere og gjere det meir robust. Det andre er å bruke eksisterande metodar til å gjette kvar det vil smelle og investere i å førebyggje mot flaum og skredfare der. Det vil samfunnet tene i alle fall tigangen på.