Tre velta, vegar blei stengde og ferjesamband innstilte under uvêret som herja på Vestlandet onsdag kveld og natt til torsdag. Også bygningar, bilar og båtar fekk merke vêret.
Gjensidige har så langt motteke nær 100 bygningsskademeldingar etter uvêret. Tala gjeld på landsbasis, men Vestlandet er hardast råka. Forsikringsselskapet reknar med at vinden gjorde skade for nær ti millionar kroner, men er budde på at tala vil auke dei neste dagane.
– På bygningar er det veldig mange tak som har fått skade. Men det er også skadar på bilar som har blitt treft av lause gjenstandar, seier kommunikasjonssjef Arne Voll.
Mange båtskadar
Gjensidige har også fått melding om 50 båtar som gjekk ned eller fekk slagskadar ved hamn. Fleire av båtane fekk skader for fleire hundre tusen kroner. Dei mange båtskadane overraska selskapet.
– Sommaren blei nok brått slutt for mange. Vanlegvis kjem hauststormane litt seinare, og folk har fått båtane opp av vatnet. I dag ligg stort sett alle båtane ute. Då det er det klart at ein med eit slikt uvêr er spesielt utsett ved sjøen, seier Voll.
For bygningar har det kome noko færre skadar enn forsikringsselskapet hadde trudd på førehand.
– No kjem det ein ny storm som er meldt å bli kraftigare. Vi håpar det går like bra der, seier han.
Mest langs kysten
Tryg Forsikring har til no fått inn meldingar om 80 skadar, og skadar for over fire millionar kroner etter uvêret.
– Det gjeld tak som er rivne av, tre som har velta og skada bygningar og bilar. Éin og annan båt har også slite seg og fått skadar, seier førebyggingsekspert Øyvind Setnes.
Skadane fordeler seg jamt mellom vestlandsfylka Hordaland og Sogn og Fjordane, fortel Setnes.
– Skadane følgjer der vinden har slått inn. Men ytre del av kysten er verst ramma.
Han opplever at folk har vorte meir vande til uvêr, og flinkare til å bu seg.
– Folk ryddar unna hagane, tek inn ting som kan bli tatt, og sørgjer for at vatnet har moglegheit til å renne unna, seier Setnes.
Riggar seg for uvêr
Når ekstremvêret «Knud» no har meldt seg, er også selskapet godt budde. Dei reknar det kan bli meir skadar og større beløp i kjølvatnet av «Knud».
– Vi har oppbemanna skadesenteret vårt. Folk har blitt kalla inn for å jobbe i helga, slik at vi kan ta unna skadar som eventuelt kjem. Dei som eventuelt får skadar kan også melde dei inn på nett, så går det kanskje litt raskare å få hjelp, seier Setnes.