Hopp til innhold

Fire år etter brannen kranglar dei framleis om forsikringsoppgjeret

Statens vegvesen krev nær ti millionar. Forsikringsselskap vil betale vel halvparten.

Bussvraket i Gudvangatunnelen

UTBREND: Den svenske turistbussen hadde med seg kinesiske turistar. Alle kom velberga ut, men Statens vegvesen fekk store ekstrakostnader med reparasjonar og leige av ekstraferjer etter brannen.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

37 personar vart evakuerte og fem personar hamna på sjukehus etter at ein svensk turistbuss byrja å brenne 500 meter inne i Gudvangatunnelen 11. august i 2015,

Hotelleigar Olav Hylland redda åleine 32 kinesiske turistar som han tok med i varebilen ut av den brennande tunnelen.

Ifølgje Kripos var brannårsaka truleg at kjølevæske byrja å koke. Politiet la difor bort saka og konkluderte med at verken sjåføren eller andre kunne lastast for det som skjedde.

Kranglar om fire millionar

Men sjølv om politiet har avslutta saka, er det likevel ikkje alle forhold som er avklara. Etter brannen sende Statens vegvesen eit krav på 9,7 millionar kroner til selskapet som eigde den svenske turistbussen.

Summen skulle dekke alle ekstrakostnadene Vegvesenet fekk med brannen.

Svenn Egil Finden

USEMJE: – Det er usemje med forsikringsselskapet i høve til utbetaling av forsikring for skadane som vart utført på tunnelen, stadfestar Svenn-Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Forsikringsselskapet Van Ameyde betalte ut 5,6 millionar kroner. Men der stoppar semja om reknestykket.

– Det går ein diskusjon på utbetaling av kravet Statens vegvesen har mot forsikringsselskapet, stadfestar avdelingsdirektør Svenn-Egil Finden i Statens vegvesen Region Vest.

– Er fire millionar så pass stort beløp for Vegvesenet at usemja kan hamne i retten?

– No er dette ei sak som er til handsaming på juridisk avdeling i Vegdirektoratet, så det er noko dei må ta stilling til.

Til saman har brannane i 2013, 2015 og 2019 kosta kring 60 millionar kroner.

Reagerer på ferjeutgifter

I eit brev frå Van Ameyde til Statens vegvesen 30. april i år listar forsikringsselskapet opp fleire punkt der dei meiner Vegvesenet krev for mykje i erstatning.

Forsikringsselskapet meiner mellom anna at kravet for oppattmåling av tunnelveggane og asfaltlegging er for stort.

Usemja er likevel størst om kostnadene rundt ekstraferja som vart sett inn mellom Vangsnes og Hella og hurtigbåten som gjekk mellom Gudvangen og Flåm.

– Det er særleg utgiftene med leige av to ferjer vi reagerer på. Vegvesenet er ikkje pliktige til å setje inn ekstraferje. Forsikringsselskapet vart heller ikkje varsla på førehand om at dei ville leige inn ferjer, seier advokat Nils Dagfinn Lier som representerer Van Ameyde.

Lier meiner at Vegvesenet ikkje har noko juridisk krav på å få dekka ferjeutgiftene på nesten 3,2 millionar kroner åleine då det formelt sett er trafikantane som er dei skadelidne, og slik sett er dei einaste som kan krevje erstatning for akkurat denne typen ekstrautgifter.

– Norsk lov må gjelde

Lier avviser også Vegvesenet sitt krav om at det er svensk lovgjeving som skal leggjast til grunn i erstatningsspørsmålet.

– Den norske bilansvarslova skal brukast sidan dette skjedde i Noreg, seier Lier, og viser til at selskapet etter den norsk lov kan krevjast for ein mindre erstatningssum.

Finden seier usemja ikkje får noko å seie for korleis Vegvesenet vil handtere liknande situasjonar i framtida.

– Vi vurderer i kvar enkelt situasjon behovet for å halde opp eit fornuftig samband for vegfarande. Om det er omkøyringsvegar eller andre tiltak som kan gjerast, seier han.