Hopp til innhold

Forsikringa dekkjer ikkje skader etter tunnelbrannen

Statens vegvesen ville sende rekninga for skadane i Gudvangatunnelen til eigar av vogntoget som byrja å brenne. Men forsikringsselskapet dekkjer berre ein tredjedel av kostnaden.

Gudvangatunnelen

BRANN: Kring 80 personar måtte evakuerast då det byrja å brenne i eit polsk vogntog i den 11 kilometer lange Gudvangatunnelen i Aurland.

Foto: Veum, Arne / NTB Scanpix

Vegvesenets ingeniørar håpa at heile rekninga på 30 millionar kroner ville bli dekka av vogntogeigarens forsikringsselskap.

Den norske bilansvarsloven set derimot ei øvre grense for eit slikt erstatningsansvar til 10 millionar kroner, skriv VG. Beløpet skal dekke all skade som køyretyet har forårsaka.

Ein polsk trailer tok fyr åtte kilometer inn i den elleve kilometer lange Gudvangatunnelen i Sogn og Fjordane 5. august i år. Mange bilar vart fanget i røykhavet, men berre to personar vart skadd .

Til trass for avgrensinga på ti millionar kroner, har ikkje det noko betydning for bilistane og busspassasjerane i tunnelen, seier informasjonssjef Bjarne Aani Rysstad i Gjensidige Forsikring.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Oppryddingsarbeidet etter brannen i Gudvangatunnelen viser seg å vera svært krevande.
Varmen frå lastebilen som brann har gjort fjellet svært porøs.
Mens reiselivet og transportmæringa ventar utålmodig, blir tunnelen no reinska for hand, meter for meter.

SJÅ TV-SAK: Sikring av Gudvangatunnelen etter brannen 5. august.

Må kjempe om sin del

Det norske forsikringsselskapet er representant for det store polske forsikringsselskapet PZU og skal ta hand om alle krav som kjem i kjølvatnet av tunnelulykka.

– Dei fremjar sine krav overfor sine forsikringsselskap, som vil betale ut på vanleg måte. Dei vil kanskje også forskottere den eigendelen som normalt belastast bileigaren. Så vil de norske forsikringsselskapa igjen fremje krav om å få dette dekka hos PZU, seier Aani Rysstad.

Det samla erstatningsbeløpet frå bilar og passasjerar er åleine oppe i 10 millionar kroner allereie . Statens vegvesen på den eine sida og forsikringsselskapa på den andre må dermed kjempe om sin del av maksbeløpet på 10 millionar kroner.

Dersom det totale skadeomfanget overskrider 10 millionar, må dei som står bak krava, kunne påvise aktløyse anten ved sjåførens køyring eller eigaren av vogntoget. Då vil ein kunne fremje såkalla regresskrav direkte mot dei.

– Ikkje uroa

Dei store reparasjonskostnadane etter brannen i Gudvangatunnelen skal ikkje gå ut Vegvesenet sine andre oppgåver i fylket. Det seier Hjalmar Olseth, seksjonsleiar ved juridisk avdeling i Statens vegvesen, region Vest.

– Vi er ikkje uroa for oppgjeret i den forstand at det skal gå ut over den vanlege drifta, det skal ikkje skje. Men at det er avgrensingar for kva forsikringsselskapet betaler i utgangspunktet, det tek vi når den tid kjem, seier Olseth til NRK.no.

Vegvesenet avventar no resultatet av ei eventuell straffesak mot den polske lastebilsjåføren. Han vart kort tid etter brannen sikta for å ha ført eit køyretøy han visste at ikkje var i forsvarleg stand.