Hopp til innhold

Du får dekka øydelagt julemat, men hugs å ta bilete!

Er du blant dei mange tusen som dei siste dagane har opplevd langvarige straumbrot, og har opplevd at mat har blitt øyedelagt? Ikkje fortvil, du kan få dekka tapet gjennom forsikringa di.

Pinnekjøtt med kålrotstappe

FREISTANDE: Tradisjonsrik julemat, men for mange vart denne jula alt anna enn tradisjonsrik.

Foto: Mari Svenningsen / Matprat.no

Velfylte kjøleskap og frysarar, bugnande av god julemat. Ein god ting for dei fleste, men for mange som har opplevd langvarig straumbrot etter orkanen «Dagmar», kan det og vere fortvilande.

Tonje Westby

Tonje Westby (FNO)

Foto: FNO

Etter eit døgn byrjer dei fleste frysevarer å tine, og kjøleskapmaten vert lett øydelagt. Men no forsikrar informasjonsdirektør i Finansnæringens Fellesorganisasjon (FNO), Tonje Westby, at det går an å få dekka tapet.

Hugs å ta bilete

– Frysarar som har blitt øydelagt, eller mat som har blitt øydelagt som ein følgje av straumbrot, vil bli dekka inn av heim- eller innboboforsikring.Gje beskjed til forsikringsselskapet, skriv skademelding og dokumenter skadene, seier Vestby til NRK.

Ho oppmodar forsikringskundane om å ta bilete av den øydelagte maten. Dermed vert det lettare for forsikringsselskapa å handsame alle skademeldingane som kjem.

kalkun

KALDKUN? Mange brukar kalkun på nyttårsaftan, og har hatt denne nedfrosen. Langvarig straumbrot kan ha øydelagt julematen for mange.

Foto: matprat.no

– Det er lurt å ta bilete av skadene, anten det er øydelagde matvarer i frysaren eller det er tak som har blåst av, seier Vestby.

Enorm pågang

Fleire hundre er framleis utan straum i Sogn og Fjordane, og forsikringsselskapa har framleis ikkje full oversikt over alle skadene - anten det gjeld utandørs eller julemat som må kastast.

– Det har vore ein kjempestor pågang, telefonen har ikkje stått stille, og talet på skademeldingar kjem til å stige kraftig i dagane og vekene framover, trur informasjonsdirektøren.

Må dokumentere

Ei telefonrunde til nokre av dei største forsikringsselskapa stadfestar at folk som har fått dyr mat øydelagt, vil få dekka dette. Men krava til dokumentasjon er klare, ta bilete av den øydelagte maten.

Torsdag kveld hadde forsikringsselskapene fått inn i alt 7.600 skademeldingar, der kvar har ein snittverdi på 60.000 kroner. Tilsaman utgjer dette eit erstatningsbeløp på 456 millionar kroner.