Hopp til innhold

Forseinkingar i Høyangertunnelen

– Oppgraderingsarbeidet i Høyangertunnelen på fv 55 blir truleg ikkje ferdig etter planen, seier prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen til Firda. Hovland ser ikkje vekk frå at det engelske selskapet VVB Engineering kan bli sparka, og at dei må få andre til å ta over jobben. Prosjektleiaren i VVB Engineering, Vidar Luth-Hanssen, seier til Firda at dei gjer det dei kan for å komme i mål, men ser ikkje bort frå ei kortare forseinking.