NRK Meny

Forseinka i Høyangertunnelen

Oppgraderingsarbeidet i Høyangertunnelen ligg 6-8 veker etter skjema, skriv avisa Ytre Sogn. Ifølgje avisa er prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen svært misnøgd med forseinkingane, og vil jobbe for å hente inn att den tapte tida. Innstallasjonsarbeidet i tunnelen skulle vore ferdig i starten av september, og prosjektleiar for arbeidet, Vidar Luth Hansen, seier dei vil hente inn att tida og bli ferdige til fristen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå