Hopp til innhold

Even vil gjerne til Crystal Palace

Representantar for den engelske klubben Crystal Palace såg i kveld Even Hovland spele for andre gong på rad.

Even Hovland

KJEMPA HARDT: Even Hovland hadde full kontroll i kampen mot Stabæk. Her i duell med Morten Morisbakk Skjønsberg.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Championshipklubben, som ligg på ein solid 3. plass i ligaen, la for ei tid tilbake inn eit bod på Even Hovland på kring 1,5 millionar. Dette vart blankt avvist. Men søndag kveld var folk frå klubben attende på Fosshaugane Campus.

Sjølv er Even positiv til ein eventuell overgang frå Sogndal til den tradisjonsrike London-klubben. Han visste på førehand ikkje at dei var på stadion for å sjå han spele mot Stabæk.

Vil utvikla seg vidare

– Det er jo berre kjekt at dei var her, men eg skulle vel helst ha spelt litt betre i dag då, seier ein godt nøgd Even Hovland.

Mest nøgd med at interessa for han som spelar held seg, og han trur ein overgang til nest høgste nivå i England vil vera bra.

– Det viktgaste no er å ta eit steg vidare på ein stad der ein får utvikla seg vidare. Crystal Palace er ein moglegheit ja, seier Hovland.

Molde var ivrige

Fleire klubbar har det siste året forsøkt å sikra seg namnetrekket til forsvarsklippa frå den vesle bygda Vadheim i Høyanger kommune. Ikkje minst Molde, som lenge har hatt Hovland i kikkerten.

Han var og for første gong med i A-landslagstroppen då dei møtte Kypros nyleg. Han er og aktuell når landslaget skal ut i privatkampar i vinter.

(artikkelen held fram under biletet)

Tonny Brochmann

BOMMA: Tonny Brochmann var svært nær å sørge for ny eliteseriekontrakt til Sogndal. Dansken kjempa godt gjennom heile kampen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sløsa med sjansane

Resultatet av kampen mot Stabæk er han likevel mindre nøgd med. Sogndal kunne sikra seg ny kontrakt i eliteserien, men laget misbrukte ei rekkje sjansar mot Bærumslaget. Kampen enda uavgjort 0-0.

Heilt mot slutten bomma danske Tonny Brochmann på nærast ope mål, og kunne dermed ha avgjort det heile.

– Det er jo litt bittert no, men vi får backe han opp. Han jobba steinhardt i dag og gjorde ein fantastisk jobb for laget, meiner Englands-aktuelle Hovland.