Fornøgd med landbruksavtala

Førstekandidat i Vestland KrF, Trude Brosvik, er glad og letta etter jordbruksforhandlingane. Spesielt er ho glad for at fem millionar kroner går til nasjonal forskingsstasjon for planteutvikling på Leikanger. – Sterk satsing på frukt, bær og grønt er godt nytt for vestlandsbønder, seier Brosvik. I tillegg meiner ho det vart gjort nyttige grep innan mjølkeproduksjon. – Ein brukbar avtale for distrikta og for bøndene, sier ho.

Trude Brosvik
Foto: Oddmund Haugen / NRK