Hopp til innhold

Formspelaren jaktar nye mål mot Hødd

På dei to siste kampane har han scora fire gonger. I kveld luktar det nye mål, når Kristian Fardal Opseth og Sogndal møter Hødd til sin tredje kamp på seks dagar.

STORFORM: Kristian Fardal Opseth blei den store helten siste søndag.

Det er ingen tvil om kven som er den store formspelaren for Sogndal for tida. Med tre mål var han den store helten då Sogndal banka Brann sist søndag. På onsdag var han igjen på pletten og putta Sogndal sin einaste scoring i uavgjortkampen mot Jerv.

– Det har blitt bra med scoringar den siste tida, så eg håpar det held fram i dag, seier Kristian Fardal Opseth.

Laster innhold, vennligst vent..

Kvitterer for tilliten med mål

Etter å ha slite med å få tillit under gamletrenar Jonas Olsson, er kvardagen snudd opp ned med Eirik Bakke bak roret. Det er òg hovudgrunnen til at det verkeleg har losna denne sesongen, trur Opseth.

– Eg veit at eg kan scora mål viss eg spelar. Han har gitt meg rikeleg med speletid og då prøver eg å kvittere med scoringar.

Og scoringar har det blitt. Ikkje berre det, den høgreiste kaupingen har gjort det for vane å levere perlemål på rekkje og rad. Mot Brann scora han både med hovudet, på volley og med eit velplassert skot nede ved stolpen. Den vakraste av dei alle kom tidleg i sesongen, mot Hønefoss, då han lobba ballen i mål frå midstreken.

– Korleis har du tenkt å score i kveld?

– Det får me sjå, det er ikkje godt å sei ..., seier Opseth.

Gjensyn med gamle lagkameratar

Trenar Eirik Bakke gjer to endringar frå kampen mot Jerv. Ulrik Flo kjem inn for Simen Brekkhus, Robin Shroot erstattar Mahatma Otoo.

Dermed blir det eit gjensyn med gamle lagkameratar for både Victor Grodås og Robin Shroot, som begge kom til saftbygda før sesongen. Bakke seier det ikkje var avgjerande for at engelskmannen får sjansen i kveld.

– Robin har vore skada dei siste to-tre vekene og eg har ikkje teke nokon sjansar med han. Eg vurderte å hive han innpå på onsdag, men hadde denne kampen i baktankane. Mahatma har starta to på rad, så det handlar meir om å bruke heile troppen. At det er mot Hødd er meir tilfeldig, seier Bakke.

Dette laget møter Hødd på Fosshaugane.

Stefan Hagerup - Taijo Teniste, Hannu Patronen, Christophe Psyché, Victor Grodås - Petter Strand, Rune Bolseth, Babacar Sarr, Ulrik Flo - Robin Shroot, Kristian Fardal Opseth.

Laster innhold, vennligst vent..