NRK Meny
Normal

Formlag mot formlag i Sogndal

Sogndal og Alta er 1. divisjons beste formlag. Søndag møtes dei på Fosshaugane.

Håvard Flo

- Vi må vere knallharde på eigen taktikk og arbeidsoppgåver, seier Håvard Flo før helgas møte med Alta.

Foto: Rune Fossum / NRK

Begge lag står med berre to tap og ein uavgjort på dei siste ni kampane. Det plasserer dei øvst på formtabellen for 1. divisjon.

- Vi har fleire av våre beste ute med skade, men dei som har fått sjansen har teke ansvar og gjort det bra, seier Alta-trenar Åsmund Bjørkan og vonar formkurva også er stigande etter helgas oppgjer i saftbygda.

Video nsps_upload_2009_5_4_12_14_50_4533.jpg

SJÅ: I fjor vann Sogndal tilsvarande oppgjer 3-1.

Trur på poeng

Det er sjuende gong sidan 2005 at dei to klubbane stridast om poeng. Sogndal står bokført med fem sigrar, medan Alta berre kan sjå til full pott i første møtet - på Fosshaugane.

Medan Sogndal står med ein og ein halv fot i Tippeligaen, snuser finnmarkingane - noko overraskande - på kvalifiseringssplass etter tre strake sigrar.

- Sogndal er eit godt lag, og det er ikkje tilfeldig at dei ligg der dei ligg. Samstundes er divisjonen så jamn at det er nesten det same kven du møter og kvar du møter dei. Sogndal er store favorittar, men vi har ambisjonar om å spele ein god kamp, seier Bjørkan, som ikkje reknar det som urealistisk å ta poeng.

Video Alta - Sogndal 11.04.2010

SJÅ: Tommy Øren scora kampens einaste mål då Sogndal vitja Alta i vår.

Respekt for Alta

Sogndal har ti poeng ned til Sarpsborg 08 på kvalifiseringssplass. Mellom dei ligg eit Fredrikstad-lag som har vist varierande form den siste tida. Sist helg vart det 1-2 borte mot Alta.

- Det blir litt av ein knokkelkamp. Vi har stor respekt for Alta, seier veteran Håvard Flo og seier seg samd med Bjørkan i at det er ein jamn divisjon der ingen kampar er avgjort før dei er spelte.

Viktig kamp

Etter kampen søndag, går Sogndal inn i ein tøff avslutning på sesongen. Med unntak av Sarpsborg 08 står alle topplaga for tur.

Kampen mot Alta blir ikkje avgjerande, men ein kamp som kan gjere haustinnspurten lettare, seier Flo.

- Det gir oss arbeidsro, sjølvtillit og tru på at vi kan gå heile vegen inn. Byrjar ein å vakle no, så blir det eit forstyrrande element. Den vil ikkje vi ha. Vi har hatt det tidlegare, men kome oss ovanpå no, seier Flo.

Tidlegare møte Sogndal - Alta

Sesong

Divisjon

Heimelag

Bortelag

Resultat

2010

1. divisjon

Alta

Sogndal

0-1

2009

1. divisjon

Alta

Sogndal

2-2

2009

1. divisjon

Sogndal

Alta

3-1

2008

1. divisjon

Sogndal

Alta

2-1

2005

1. divisjon

Alta

Sogndal

0-1

2005

1. divisjon

Sogndal

Alta

1-2

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser