Hopp til innhold

Formidabel oppgåve for Vik.

Kommunebudsjettet til Vik kommune er svekt med fem millionar kroner, skriv Sogn Avis. Kommunen har att tre år på å kvitte seg med gjelda etter Terra-skandalen. Politikarane hadde ambisjonar om ei inndekking på 14,3 millionar, men den siste tertialrapporten viser at inndekkinga i beste fall blir på 9,2 millionar. Inndekking for dei neste to åra kan difor bli på 17, 8 millionar, noko som vert ei formidabel oppgåve, meiner rådmann Oddbjørn Ese.