Om Førde bystyre følgjer innstillinga frå formannskapet skal skulen byggjast slik han såg ut fram til 1921, og ikkje slik han tok seg ut like før brannen.
Den gamle skulebygningen fekk omfattande skader etter brannen i november, og debatten har vore heit om kor vidt bygningen skulle byggjast oppatt eller ikkje. Fleirtalet av foreldra har sagt at dei vil ha ein ny skule.
Formannskapet vil byggje opp att skulen. (Foto: NRK)
- Høg verdi for Førde
Både Riksantikvaren og Kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune har tidlegare pressa på for at skulen skale byggjast oppatt.
- Bygningen har ein særskilt høg verdi for Førde, fordi det er så lite att som vitnar om historia til staden, sa seniorkonsulent Morten Stige hjå Riksantikvaren.
- Skulen er også ein bygning som veldig mange har eit forhold til, og difor er det viktig å ta vare på den.
Rådmannen var i mot
Rådmannen i Førde, Ole John Østenstad, gjekk i si innstilling imot at bygningen skulle byggjast oppatt. Førde kommune får i overkant av 10 millionar kroner frå forsikringsselskapet etter brannen.
Slik såg bygningen frå 1894 ut før brannen i fjor. (Foto: Arild Nybø, NRK)