NRK Meny
Normal

Flora + Vågsøy = sant

FLORØ (NRK): Fleirtal i begge formannskapa stemte for å slå saman Flora og Vågsøy til Kinn kommune. Men Høgre i Vågsøy opnar for å utsette avgjerda.

Kristin Maurstad og Ola Teigen

JA: Ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad og Flora-ordførar Ola Teigen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det er veldig gledeleg. Dette har vi jobba lenge for, og veldig intensivt den siste tida seier, ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad (Ap).

– Eg har visst lenge at florøværingen ønsker ein sterk kystkommune og det kan vi danne saman med Vågsøy, seier Flora-ordførar Ola Teigen (Ap).

Saka skal opp til endeleg avgjerd i Flora bystyre tysdag og Vågsøy kommunestyre torsdag denne veka. I formannskapet vart det mot ei røyst i Flora og mot tre røyster i Vågsøy.

Høgre vil utsette

I Flora viste tala frå innbyggarundersøkinga at fleirtalet var for å slå dei to kommunane saman, medan innbyggarane i Vågsøy var imot.

– Den er ein del av grunnlaget for å ta den vurderinga vi gjorde og det har vore mykje informasjon på kort tid. Men hadde vi spurd for ein månad eller to sidan hadde fleire sagt nei, då var dette utenkeleg. No har vi sjansen til å bygge ein sterk kystkommune og då må vi gripe den, seier Maurstad.

Representantar frå Framstegspartiet og Senterpartiet i Vågsøy har kjempa mot samanslåinga. Endeleg avgjerd vert tatt i kommunestyret torsdag.

– Tre frå Høgre stemte ja no, og om dei ikkje endrar meining før torsdag vil vi få eit greitt fleirtal for samanslåing, seier Maurstad om sjansane for at kommunestyre vil endre avgjerda.

Men får Høgre det som dei vil vert det ingen avgjerd torsdag.

– Vågsøy Høgre er delt i denne saka og vi vil utsette heile avgjerda. Det vil vera uheldig med eit vedtak som får fleirtal med ei stemme anten den eine eller andre vegen, seier Morten Hagen i Høgre.

For Flora sin del skal det opp i bystyret alt tysdag.

– Eg føler meg sikker på at det vert ja der også og føler meg rimeleg trygg på at det går igjennom, seier ordførar Teigen.

Bremanger i midten

Vågsøy og Flora ligg på kvar si side av Bremanger kommune, men Bremanger har sagt klart ifrå. Dei vil ikkje vera med på ei samanslåing.

– Bremanger er ein kommune vi må stelle oss til uansett. Vi har sagt at vi ønsker sterkt å ha dei med, dei sagt nei, men vi må finne samarbeidsformer saman med dei, seier Teigen.

Saka fortsett under kartet.

Laster kart, vennligst vent...

KINN KOMMUNE: Vågsøy og Flora i raudt skal slå seg saman til Kinn kommune. Midt i mellom ligg Bremanger, men dei vil ikkje vera med på ei samanslåing til ein storkommune på kysten.

Seinare denne veka skal Maurstad og Teigen til Oslo for å møte kommunalminister Jan Tore Sanner.

– Kjem dokker til å prøve å få han til å tvinge Bremanger med?

– Slettes ikkje. Vi skal drøfte den nye kommunen og sjå kva staten vil gjere for å gjere dette til ein god framtidsretta kommune, seier Teigen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.