Kommunen og Nordfors hadde ein munnleg avtale om forlik, der Nordfors skulle få 70.000 kroner i erstatning.
I går vart kommunen overraska då dei såg at Nordfors hadde lagt til nye punkt i den skriftlege avtalen. Desse punkta kan ikkje kommunen godta, seier rådmann Jostein By.
Omstridde behandlingsmetodar
Jan Mikael Nordfors kom som vikarlege til Jølster sommaren 2003 og vart deretter kommunelege. Han vart fort omstridd på grunn av behandlingsmetodane sine. Mellom anna for å behandle ryggsmerter ved å massere pasienten i endetarmen. Det kom fleire pasientklager på legen, og han er no ei sak hos helsetilsynet.
For eitt år sidan valde Jølster å seie opp legen, og Nordfors varsla då rettssak for usakleg oppseiing og kravde minst 650.000 i erstatning for tapt arbeidsforteneste.
Rettssak som planlagt
Saka skulle opp for Fjordane tingrett 17. oktober, men nyleg vart det kjent at Nordfors og Jølster kommune var samde om erstatning på 70.000. Når avtalen no har fått tillegg som Jølster ikkje kan godta, går rettssaka som planlagt, seier Jostein By.