Rasmus Felde. Arkivfoto
Opphavleg gjekk to veterinærar til sak, men berre Rasmus Felde anka etter at kommunen vart frikjend. Han er nøgd med utfallet i saka. - Etter ein slik langvarig prosess er det godt å sette strek, seier han.
Trong økonomi
Det var trong økonomi i Fjaler kommune som for to år sidan sette i gong ein arbeidskonflikt mellom to veterinærar og kommunen. Fjaler gav dei to veterinærane sparken for å spare 230.000 kroner. Arbeid skulle dei likevel få, men ikkje gjennom same tilsettingsforhold som før. Veterinærane, som begge var i femtiåra og hadde 30 år bak seg i stillingane, gjekk til sak. I beste fall kunne dei få kommunen dømd for usakleg oppseiing og få jobbane attende.
Nøgd
Men Ytre Sogn tingrett frikjende Fjaler kommune på alle punkt. Den eine veterinæren anka, den andre ikkje. No har altså den eine dyrlegen og kommunen lagt saka død med eit forlik. Detaljane vil ordførar Arve Helle ikkje ut med. Heller ikkje veterinær Rasmus Felde vil ut med vilkåra i forliket, men stadfestar at han er nøgd.