NRK Meny
Normal

Forlik i Eurofoto-striden

Eurfoto på Reed i Gloppen har inngått forlik med storkonsernet Norsk Aller. Forliket inneber at Aller-konsernet vert største eigar med 34 prosent av aksjane.

Per Svein Reed
Foto: NRK

Forliket betyr at ein to år lang strid om eigarforholda i Gloppen-selskapet er over.

Det var i 2003 at Eurofoto som driv med framkalling av digitale bilete starta samarbeidet med storkonsernet Norsk Aller, som mellom anna eig Se&Hør og ei rekkje andre vekeblad og magasin.

Norsk Aller skulle få 34 prosent av aksjane mot å bla opp fire millionar kroner i kontantar og annonser. Men det oppstod fort usemje om avtalen, samstundes som Eurofoto var inne i ei rivande utvikling som den leiande i Norden på såkalla onlinefoto. Dette førte naturlegvis til at begge partar ville ha mest mogleg kontroll over gullgruva.

- Ingen vits å krige

For to år sidan enda saka i rettssystemet, der Eurofoto for to månader sidan tapte i Oslo Tingrett. Ei ankesak ville ført til tre nye år i rettssystemet.

- Når vi no har fått eit forlik kan vi sjå framover og ha fokus på å byggje selskapet. Det betyr at vi vil sitje igjen med meir enn at om vi krigar om aksjane, seier dagleg leiar Per Svein Reed til NRK.

- Har reinska lufta

Dermed må Euro Foto no gje frå seg 34 % av aksjane til Norsk Aller. I følgje Reed har den tre år lange usemja slettes ikkje skapt vondt blod mellom Eurofoto og storaksjonæren.

- Når det gjeld forholdet mellom Norsk Aller og oss i Eurofoto så føler vi at vi gjennom rettssaka har fått reinska lufta mellom oss, og at vi begge har eit felles mål.