Hopp til innhold

Forlenga varetekt i narkotikasak

Ein mann i 30-åra har godteke to nye veker i varetekt i samband med narkotikasaka i Florø.

Politi illustrasjonsfoto

RULLA OPP NARKONETTVERK: Politiet i Florø arresterte eit tjuetals personar i ein narkoaksjon i Florø. Tre av dei er varetektsfengsla.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Politiet fryktar at han skal øydeleggje bevis og har bede Fjordane tingrett om brev- og besøksforbod. Mannen er ein av to sikta for grov narkotikakriminalitet. Dei to som politiet reknar som hovudmennene, har sida 2013 vore forretningspartnarar.

I alt tre menn er fengsla i saka. Den siste fengsla er førebels sikta for simpel narkotikakriminalitet.

Over 20 personar i alderen 16–40 år blei pågripne etter at politiet i Florø rulla opp eit stort narkonettverk i kystbyen for to veker sidan. Politiet vil førebels ikkje seie noko om kva type narkotika som blei funne under aksjonen og heller ikkje kor store mengder det er snakk om.

– Vi håper å vere ferdige med etterforskinga når varetektsperioden er over, seier politiadvokat Erling Melvær ved Sogn og Fjordane politidistrikt.