NRK Meny
Normal

Forlenga varetekt for vald

Ein 37 år gammal Førde-mann fekk måndag forlenga varetektsfengsling etter å ha skambanka ekskjærasten natt til 1. mai.

Offeret er framleis innlagt på Førde sentralsjukehus etter å ha fått alvorleg hjarteinfarkt etter det politiet meiner er grov vald og som pågjekk i ein time.

Den tiltalte vedgjekk under fengslingsmøte i Fjordane tingrett måndag ettermiddag at han miste kontrollen då han hamna i basketak med ekskjærasten.