NRK Meny
Normal

Forlenga varetekt for sikta i Veronica-saka

Mannen i 40-åra som er sikta for brot på narkotikalova, falsk forklaring i Veronica-saka og vald mot Veronica, er varetektsfengsla i fire nye veker, med brev- og besøkskontroll.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

FORLENGA VARETEKT: Mannen som er sikta i Veronica-saka for falsk forklaring må sitte varetekstfengsla i fire nye veker.

Foto: Privat

Sogn Tingrett avgjorde i kveld at mannen må sitte i varetekt til 24. januar 2015.

Ikkje grunn til mistanke om vald

Veronica Heggheim Stegegjerdet vart funnen død i Barsnesfjorden ved Sogndal fredag 14. november, og politiet har etterforska saka som eit mistenkeleg dødsfall.

Ein mann i 40-åra vart i slutten av november sikta for brot på narkotikalova og falsk vitneforklaring i Veronica-saka. Fredag vart siktinga utvida til å gjelde lekamsskading mot Veronica Heggheim Stegegjerdet.

Retten meiner at vilkåra for vidare varetektsfengsling er oppfylte, men finn ikkje at det er grunnlag for å mistenke at den sikta har påført Heggheim Stegegjerdet lekamsskade eller lekamskrenking.

Ankar varetektsfengslinga

Den sikta har sete i varetekt sidan 27. november, og i fengslingsmøtet i dag vart det altså avgjort at han må sitte i varetekt fram til 24. januar neste år.

Grunngjevinga til retten er fare for at bevis skal gå tapt i samband med etterforskinga av narkotikasiktinga. Retten meiner blant anna at den sikta si forklaring på korleis han har teke imot stoffet, eit større parti mariuhana, er lite truverdig.

Den sikta kravde å bli sett fri, og har anka varetektsfengslinga til lagmannsretten.

– Det han er fengsla for no er framleis eit beskjedent marihuanabrotsverk. Etter mitt syn er det grunn til å sjå med spaning fram mot det lagmannsretten avgjerd, seier den sikta sin forsvarar, Trygve Staff.

Aktor ønskte fengsling i fire nye veker. Aktor har anka brev- og besøkskontrollen, og ønsker eit brev- og besøksforbod.

Trygve Staff, forsvarar for den sikta 40-åringen

NØGD: Trygve Staff, forsvarar for den sikta mannen i 40-åra, er nøgd med at retten ikkje finn skjellig grunn til å mistenke klienten hans for lekamsskading mot Veronica Heggheim Stegegjerdet.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Nøgd trass forlenga fengsling

Trass i at varetektsfengslinga vart forlenga er forsvarar Trygve Staff likevel nøgd med delar av retten si avgjerd.

– På spørsmålet om det er grunnlag for å mistenke den sikta for vald mot Veronica, så sa retten klart at det ikkje er grunnlag for å mistenke han for dette, og det er eg svært godt tilfreds med, seier han.

Det har gått snart to veker sidan politiet endra tidspunktet for når Veronica sist kan ha blitt sett i live. Observasjonen av ei kvinne som hadde gått tur med ein hund på brua i Årøy, vart endra frå laurdag til søndag ettermiddag eller kveld.

NRK er kjent med mobilspor som viser at den sikta ikkje var i Årøyområdet etter laurdag føremiddag.

– Eg antar at det er ein av grunnane til at retten så tydeleg har uttalt at det ikkje er grunnlag for å mistenke at den sikta skal ha gjort noko med Veronica, seier Staff.

Politiet etterforskar saka framleis breitt

Det er funn gjort på Veronica Heggheim Stegegjerdet som gjer at politiet mistenkjer at den sikta skal ha utsett ho for vald før forsvinninga, i tidsrommet mellom 24. og 26. oktober.

Obduksjonen på Gades institutt har mellom anna avdekt skader som tyder på stump vald, men etter det NRK erfarer kan ikkje ekspertane sjå vekk frå at skadane kan ha blitt påført i ei elv.

Lensmann Arne Johannessen er nøgd med at retten gav medhald i forlenga varetektsfengsling. Samstundes tek han til etterretning at retten meiner det ikkje er sannsynovervekt til å mistenke at den sikta har utøvd vald Veronica Heggheim Stegegjerdet i framkant av forsvinninga.

– Men det er berre ei vurdering opp i mot varetektsfengslinga, så vert det politiet sin jobb å framleis etterforska breitt. Det har heile tida vore vår tilnærming, at vi ikkje må låse oss fast i eitt spor, seier Johannessen.

Han vil ikkje kommentere mobilspora, som viser at den sikta ikkje har vore i Årøyområdet etter laurdag føremiddag den 25. oktober.

– Det kan eg ikkje kommentere av omsyn til etterforskinga. Det er mange typar opplysningar, me framleis jobbar med, seier Johannessen.