Hopp til innhold

Forlenga varetekt for drapstruslar mot statsminsteren

47-åringen frå Sogn og Fjordane som er sikta for å ha drapstruga statsminister Jens Stoltenberg, kan haldast varetektsfengsla til 20. september.

Jens Stoltenberg

BLEI TRUGA: Statsminister Jens Stoltenberg har ikkje ønskja å kommentere drapstrugslane han skal ha vore utsett for.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

Det har Oslo tingrett bestemt. Retten fryktar at mannen kan gjere nye straffbare handlingar av same eller liknande karakter om han blir lauslaten.

Grove og alvorlege truslar

Det var i juni i år at mannen blei varetektsfengsla første gong. Mannen skal ha framsett så grove og alvorlege truslar, at mannen den gong blei fengsla i fire veker. Han skal også per e-post ha truga mora og stefaren, sistnemnde er ein kjend norsk politikar.

Ein førebels observasjon av den sikta, seier at mannen er strafferettsleg tilrekneleg. Men tingretten har bestemt at han skal igjennom ei fullstendig vurdering på om han er strafferettsleg tilrekneleg. Denne skal vere klar til 9. oktober.

Blir framleis etterforska

Statsadvokat Carl F. Fari seier til NRK.no at saka framleis er under etterforsking.

– Vi ventar på ei rettspsykiatrisk undersøking. Det er det viktigaste å få på plass på noverande tidspunkt.

Rettssaka mot mannen er venta å starte 26. november. Det er sett av fem dagar til saka.