Ei forlenginga av kontrakta kan vere på plass i oktober, og det betyr i så fall nye arbeidsplassar i Florø, seier konsernsjef i Kleven Maritime, Steinar Kulen. Han veit enno ikkje kor mange arbeidsplassar det er snakk om.
Får også vedlikehald
Det er omlag 100 tilsette ved Kleven i Florø, men no kan dei bli langt fleire. For det spanske selskapet Izar byggjer fregattar for den Norske Marinen. Og Kleven Florø leverer i samarbeid med Bergen Yard seksjonar til bygginga av fregattaene. No har det spanske selskapet utvida kontrakten. Avtalen betyr også at Kleven Maritime skal syte for vedlikehaldet av fregattane.
Konsernsjef i Kleven Maritime, Steinar Kulen, er glad for fleire arbeidsplassar i Florø, men kan ikkje seie noko om kva kontrakten kan bety i kroner og ører for konsernet.