Hopp til innhold

Fristen vart forlenga - på ubestemt tid

Klima- og miljødepartementet og nærings- og fiskeridepartementet hadde opphavleg fått dagen i dag som frist for å svare om Engebø-saka. Fristen er no forlenga på ubestemt tid.

Fjorddeponiet i Førdefjorden

SJØDEPONI: Planane om å lagre gruveavfall i eit sjødeponi har vore svært omdiskutert. No har to av departementa som skal uttale seg om planane fått forlenga frist til å svare.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

Det stadfestar begge departementa i dag.

Departementa hadde opphavleg fått 21. november som frist for å gje sine uttaler til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som skal ta den endelege avgjerda.

Politisk rådgjevar Jens Frølich Holte i Klima- og miljødepartementet seier følgjande om utsetjinga i ein e-post til NRK:

"– I forbindelse med behandlinga av motsegnssak om gruvedrift i Engebøfjellet, er høyringsfristen for Klima- og miljødepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet forlenga. Det er førebels ikkje sett nokon ny frist. Årsaka til utsetjinga er at departementa treng noko meir tid til å behandle saka. Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal gjere ei grundig og god vurdering av saka."

Nøgd med forlenga frist

Leiar i Norges Naturvernforbund, Lars Haltbrekken, er nøgd med at fristen no er forlenga.

Lars Haltbrekken

NØGD: Den forlenga fristen til å svare i saka gjer at departementa kan ta ei kunnskapsbasert avgjerd, meiner Naturvernforbundet sin leiar, Lars Haltbrekken.

Foto: Kristine Hirsti/NRK

– Den siste tida har det kome klare åtvaringar mot å bruke Førdefjorden som avfallsplass, frå fleire, både frå Miljødirektoratet, havforskarar og frå miljørørsla, så vi håpar jo at utsetjinga gjer at Klima- og miljøministeren tek desse råda til følgje, seier Haltbrekken og fortsett:

– Vi håpar at dei baserer avgjerda på kunnskapen som ligg føre, og kunnskapen som ligg føre seier klart og tydeleg at skadane på livet i fjorden vil vere altfor store til at ein kan tillate å bruke fjorden som søppelplass.

Både Høgre og gruveselskapet Nordic Mining har vore kritisk til Miljødirektoratet si tilråding om å seie nei til gruvedrift med fjorddeponi. Dei meiner kunnskapsgrunnlaget er for tynt, noko Haltbrekken ikkje er einig i.

– Det er ein useriøs kritikk av gruveselskapet, og dei prøver å heve seg over Norges fremste ekspertar. Det ser vi gong på gong, og det vert rett og slett litt latterleg.

Positivt med forlenga frist

Fristen til å kome med sine tilrådingar i saka har no vorte utsett både for Klima- og miljødepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Spørsmålet er da: Kor lenge kan ein vente på regjeringa si avgjerd i denne saka?

Haltbrekken meiner det berre er positivt at avgjerda er utsett:

– For oss er det ikkje noko problem å vente, for så lenge vi ventar, vert ikkje fjorden brukt som søppelplass. Dei må berre bruke så lang tid dei ønskjer. Det er heilt ok for oss. Vi har ikkje noko hastverk i denne saka.

Naturleg om dei treng meir tid

Klima- og miljødepartementet har bedt Miljødirektoratet svare på fleire spørsmål om miljøeffektar av gruvedrift i Engebøfjellet og sjødeponering i Førdefjorden i Sogn og Fjordane, skriv Miljødirektoratet i ei pressemelding.

Ivar Fossum

IKKJE OVERRASKA: Direktør i Nordic Mining, Ivar S. Fossum, er ikkje overraska over at departementa treng meir tid til å vurdere Engebø-prosjektet.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Direktør i Nordic Mining, Ivar S. Fossum, føler seg trygg på at selskapet no har samla inn den kunnskapen som klima- og miljødepartementet treng for å kome til ei avgjerd, sjølv om fristen no er forlenga.

– Vi er trygge på at departementa gjer ein ordentleg jobb med å beskrive sitt syn på saka. Det er eit stort og viktig prosjekt for Norge, så om dei treng meir tid er det heilt naturleg, seier Fossum.

– Er du overraska over at departementa no har fått utsetjing?

– Nei, det er eg ikkje. Det har vore ei lita utsetjing tidlegare. Det er viktigare at det vert kvalitet i korleis saka vert behandla enn at det skjer på eit bestemt tidspunkt., seier Fossum og legg til:

– Vi er trygge på at myndigheitene ser kor viktig prosjektet er, og kor godt saka er greidd ut, og at det dermed blir eit positivt vedtaket i saka.