Hopp til innhold

Forlenga fengsling for rømling

Mannen som rømde under ein fangetransport til Vik fengsel i februar er fengsla i nye fire veker. Han er sikta for oppbevaring av narkotika, vald mot politibetjentar, tjuveri då han rømde frå politiet og for å ha hatt ugyldig ID-dokument. Politiet håpar å få avgjort saka i løpet av dei neste fire vekene.