NRK Meny

Forlenga fellingsløyvet

Fylkesmannen har no forlenga fellingsløyvet på ulv mellom Dalsfjorden og Sognefjorden. Det opphavlege løyvet blei gitt etter funn av eit lam i Guddalen, der Statens naturoppsyn meiner det var sannsynleg at ulv var skadegjeraren. Dette blei sett i samanheng med funn av skadde og drepne lam i Naustdal tidlegare i juli.
Mogleg observasjon og mogleg DNA-funn gjer at løyvet no er forlenga, fortel fungerande fylkesmiljøvernsjef Eline Orheim. Skadefellingsområdet femner om kommunane Fjaler og Hyllestad, og delar av Gaular og Høyanger.

Lam tatt av ulv i Guddal
Vegopning på Bergum i Førde kommune