- Det som skjedde var at lensmannskontoret i Stryn hadde ein trafikkontroll på riksveg 60 i Loen tysdag føremiddag. Då vart all trafikk vinka inn, og førarane måtte blåse. Og då sjåføren på turistbussen bles, vart det positivt utslag, seier politibetjent Tor Egedal.
Politiet mistenkte sjåføren for promillekøyring og tok han med til lege. Samtidig vart dei amerikanske turistane i bussen køyrde til Hotel Alexandra i Loen for innlosjering.
Utslag av medisinen
I utgangspunktet skulle det ta ei heil veke til blodprøva vart analysert, og politiet sat med svaret på kor mykje promille sjåføren hadde.
Men sjåføren fekk til slutt forklart at han gjekk på ein medisin mot forkjøling. Då han hadde skylt munnen bles han grønt på alkometeret til politiet.
Dermed kunne han på nytt setje seg i bussen, hente dei amerikanske turistane, og fortsette turen.