Normal

Landbruksforhandlingane: – Går snart på veggen i spenning

Landbruksorganisasjonane og Staten i intens dragkamp om 770 millionar kroner. Fristen går ut ved midnatt.

Anders Felde

SPENT: Bondelagsleiar Anders Felde er så spent på forhandlingane at han nesten har klatra oppetter veggane.

Foto: Bård Siem / NRK

Oppdatert: Laurdag føremiddag er det enno ikkje komen noko avklaring på jordbruksforhandlingane. Meklinga held fram.

Vi håpar at det er godt nytt i forhold til at det er framdrift i forhandlingane. Eg tolkar det som eit godt teikn og at Staten er på gli i vår retning at forhandlingane held på framleis, seier leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde.

Landbruksorganisasjonane leverte sitt krav til landbruksoppgjeret på 860 millionar i april. Dermed er det 770 millionar kroner som skil frå bondeorganisasjonane og Staten. Men bondeorganisasjonane bestemte seg for å gå i forhandlingar. Fristen for å bli einige går ut ved midnatt.

– Vi får litt informasjon frå forhandlingane, men ikkje veldig mykje. Det er bevegelse, men det er tøffe forhandlingar. Det skal i utgangspunktet avgjerast i dag.

Kan gå over tida

Til trass for at forhandlingsfristen går ut fredag kveld, trur bondelagsleiaren at det kan gå lengre tid før det kjem eit endeleg utfall av forhandlingane.

– Ingen må bli overraska dersom det går over fristen. Det ser det ut til no.

Felde er klar på at dersom han og bøndene i Sogn og Fjordane skal bli nøgde må det vere eit tilbod som gir inntektsutvikling for bøndene i fylket.

– Vi må ha ein stor slump friske pengar til små- og mellomstore bruk. Det har vi mykje av i fylket. Vi trur på å utnytte ressursane rundt kvar enkelt gard, både til å produsere mat, men også til eit landskap norske forbrukarar er stolte av.

Har vore spent – lenge

Felde vedgår at det har vore ei spennande tid etter at tilbodet frå Staten vart lagt på bordet.

– Eg har nesten gått på veggen sidan tilbodet frå Staten kom, eg har vore litt i ørska den siste tida. Det er så frustrerande å vere så nær forhandlingane, men likevel så langt vekke.

Trass i at det er eit stort sprik mellom tilbod og krav, trur Felde bondeorganisasjonane har gode forhandlingskort.

Har lagt aksjonsplanar

– Det er ikkje ei fleirtalsregjering. Då må regjeringa må ta omsyn til at ved eit eventuelt brot må Venstre og KRF velje side. Så må dei også ta omsyn til Stortinget, det må eit fleirtal til for å få gjennom landbruksoppgjeret.

Skulle det bli brot i forhandlingane, har Felde hatt god tid å spekulere ut aksjonsformer.

– Vi har jo lagt nye planer kvar einaste dag, ler han. Så vi er sjølvsagt klare. Vi kjem til å seie frå dersom vi ikkje får det som vi ønskjer. Vi er 3000 bønder i fylket, så det er viktig for fylket at vi får gjennomslag for krava våre.

Vegopning på Bergum i Førde kommune