Hopp til innhold

Forhandlar framleis om Hovland

Sogndal og Molde forhandlar vidare om Sogndal-midtstopparen Even Hovland.

Even Hovland

FORLET SOGNDAL? Den tidlegare Høyang-spelaren Even Hovland var i vinter aktuell for Manchester United. No er han ønskt av Molde.

Foto: NRK

Måndag takka Sogndal nei til eit tilbod frå Molde, men Hovland sa til firda.no seint måndag kveld at han ikkje visste kva som skjer vidare.

– Eg har signalisert at eg er open for klubbskifte, seier Hovland til avisa.

Heller ikkje dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal, avviser at det framleis pågår forhandlingar. Han seier til avisa at dei opplyser på nettsida til klubben om det skjer noko interessant.

Sjølv håpar Hovland på ei avklaring før han reiser på landslagsoppdrag med U21-landslaget i dag, tysdag.

Overgangsvindauget stengjer ved midnatt natt til onsdag 1. september.

Så langt har det ikkje komme noko nytt frå Sogndal Fotball.