Hopp til innhold

Dømd for seksuell omgang med utviklingshemma

Mannen i 70-åra lokka ei psykisk utviklingshemma kvinne til å ta på kjønnsorganet hans. No må han i fengsel.

Mannen førebudde ein familiemiddag då han sa han ville vise kvinna noko.

Han lokka henne med på badet og trekte ned både buksa og trusa, før han bad kvinna, som er lettare utviklingshemma, om å ta på kjønnsorganet hans.

Mannen, som no bur ein annan stad i landet, erkjende straffskuld då saka nyleg var oppe i tingretten. Derimot nekta han for, slik kvinna forklara, å ha tatt handa hennar og lagt denne på kjønnsorganet. Han skal også ha bede henne om å ikkje fortelje om hendinga.

Påtalemakta kravde fengsel i 60 dagar, der 30 var på vilkår med prøvetid på to år. Kvinna sin advokat kravde opp til 50.000 kroner i erstatning.

Den dømde mannen kunne ikkje sjølv forklare kvifor det skjedde, men avviste at handlinga var seksuelt motivert. Då familiemedlem konfronterte mannen med episoden bad han om unnskyldning.

Retten meiner forklaringa til kvinna både er truverdig og konsistent, og meiner mannen var klar over kva han gjorde.

Retten meiner også at det ikkje er tvil om at handlinga var seksuelt motivert.

Mannen er ikkje tidlegare domfelt. Retten fann det straffeskjerpande at kvinna er lettare psykisk utviklingshemma. At dei to også var i ein familiesituasjon meiner retten gjer handlinga til eit grovt misbruk av tillitsforhold. Retten peikar også på at hendinga har vore til stor belastning for familien.

Retten såg derimot formildande på at mannen tilstod og at saka har hatt noko liggetid hos politiet.

Medan retten meinte at påtalemakta sitt påstand var rimeleg, vart mannen frifunnen for krav om erstatning til kvinna.