Dei er no overført til observasjon på vanleg avdeling. Trailersjåføren som fekk brot- og slagskader under velten og ligg også til observasjon. Førarhuset på vogntoget er knust, og augevitne karakteriserer det som eit under at sjåføren har kome frå ulukka utan alvorlegare skadar.
Sjå: "Pusta inn livsfarleg gass".
Berging igang
Ein kranbil hadde kl 19 klart å berge det meste av vogntoget opp frå elva.
Politiet har sperra vegen på begge sider av ulukkesplassen og måler gasskonsentrasjonen i området kontinuerleg. Politiet seier det er usikkert når vegen kan opnast, men håpar at det kan skje i løpet av kvelden. Omkøyring er skilta.
Vogntoget og lasta skal fraktas den eine kilometeren ned til Vadheim der resten av aluminiumsslagget skal lastast over i spesialkontainarar.
24 evakuerte
Vogntoget som velta var lasta med aluminiumsslagg, og det utvikla seg gass då meir enn seks tonn av stoffet rann ut i ei elv utanfor Vadheim i Høyanger. 24 personar i Vadheim måtte evakuerast, men dei har no fått flytte heim igjen. (Sjå 24 evakuerte i Vadheim.)
Vogntoget var på veg frå Hydro Aluminium på Sunndalsøra til Karmøy med aluminiumsslagg.
MMS-foto Vegar Erstad NRK