– «Lovleg» viser den delen av Noreg der nynorsk er språket for alt

SANDANE (NRK): Ungdomsserien «Lovleg» viser nynorsk som eit levande språk, meiner Noregs Mållag. Difor får manusforfattaren og produsenten bak serien Målprisen 2019.

Kjersti Wøien Håland og Hege Hauff Hvattum

FÅR MÅLPRIS: «Lovleg»er spelt inn på Firda vidaregåande skule i Gloppen. I dag fekk manusforfattar Kjersti Wøien Håland og produsent Hege Hauff Hvattum målprisen til Noregs Mållag.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

Målprisen er den viktigaste heidersprisen til Noregs Mållag. I dag blei prisen delt ut til manusforfattar Kjersti Wøien Håland og produsent Hege Hauff Hvattum, som står bak tv- og nettserien «Lovleg». Manusforfattar Kjersti Wøien Håland har sjølv gått på «Lovleg»-skulen.

– Å få prisen på skulen eg sjølv har gått på, er heilt fantastisk. Som nynorskskrivar, -lesar og -brukar er det veldig stas å få vere med på noko som kanskje løftar den delen av det norske språket, seier Håland til NRK.

I serien møter vi karakteren Gunnhild og vennene hennar, som lever hybellivet som elevar ved Firda vidaregåande skule på Sandane.

– Det var ein sjåar som sa at «Lovleg» har heva nynorskkarakteren hans frå 3 til 5. Nynorsk blir kanskje ikkje berre opplevd som eit tørt skulefag, men du kan faktisk få med deg nynorsk på ein meir behageleg måte, seier Hvattum.

Nynorsk er språket for alt

«Lovleg»-universet viser nynorsk som eit levande, skriftleg bruksspråk, heiter det mellom anna i grunngjevinga frå Noregs Mållag.

– Kjersti Wøien Håland har skrive eit utruleg flott manus, og tankane, og skriftspråket derifrå har Hege Hauff Hvattum og staben hennar sørgd for å få med inn i heile produksjonen, heiter det frå styret i Mållaget, som avgjer kven som får prisen.

Kjersti Wøien Håland er kvinna bak Lovleg

FÅR HEIDER: Manusforfattar Kjersti Wøien Håland frå Høyanger får Målprisen saman med produsent Hege Hauff Hvattum og hennar stab.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Det blir også lagt vekt på at serien bruker mykje skriftleg tekst, og at både tekstinga av serien, nettstaden til «Lovleg» og tekstane på Instagram er på nynorsk.

– På det sentrale Austlandet kan kunnskapane om korleis det er å leve i Distrikts-Noreg vere låge. Då er det lett at det festar seg ei mistyding om at nynorsk berre er eit språk som finst i skulebøker.

– «Lovleg» viser den delen av Noreg der nynorsk er språket for alt.

Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, overrekte prisen til Håland og Hvattum.

– Serien viser nynorsken som eit normalt språk i bruk i samfunnet blant unge folk. At NRK har utvikla ein type ungdomsseriar som har mykje tekst i seg, gjer at språket blir veldig tydeleg, seier Aasbrenn til NRK.

– Dette er ei gåve til alle lærarar, meg sjølv inkludert, som underviser i nynorsk om sidemål.

Har lært av serien

Målprisen går til personar eller institusjonar son har gjort ein ekstra viktig innsats for nynorsken. Også før Lovleg fekk Målprisen, har serien fått merksemd for nynorskbruken. I kommentarfelta har fleire uttrykt at dei har lært nynorsk av å følgje serien.

Elev:
👏🏻 Føler jeg har lært mer av å se på lovleg i høst enn hele min skolegang faktisk. Mye gøyere måte å lære på, i stedet for å sitte å bøye verb osv.

Nyleg blei det kjent at det ikkje blir ein tredje sesong, noko som fekk ein følgjar til å starte ein underskriftsaksjon.

I dag var det siste innspelingsdag av sesong to av Lovleg på Sandane.

SJÅ VIDEO: Skodespelarane samla seg i «Lovleg»-huset dagen etter siste innspelingsdag av sesong to.