Forfattar hardt ut mot vikingmuseum: – Dei skjuler ugjerningane

NORDFJORDEID (NRK): Forfattar Ottar Grepstad meiner musea rosemålar vikingane og ikkje fortel heile historia. – Han har eit veldig snevert perspektiv, svarer vikingsenteret Sagastad på kritikken.

Sagastad

FÅR KRITIKK: Kunnskapssenteret Sagastad på Nordfjordeid er eitt av fleire museum Ottar Grepstad rettar kritikk mot i sin kronikk.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

I ein kronikk som Aftenposten publiserte for halvannan veke sidan går forfattar Ottar Grepstad hardt ut mot korleis vikingmusea legg fram historia om vikingane. Han meiner musea rosemålar vikingane ved å legge vekt på mektige skip og vakre gjenstandar.

Ottar Grepstad

KRONIKKFORFATTAR: Ottar Grepstad meiner musea pyntar på vikinghistoria.

Foto: Aasentunet

– Dei var dyktige handelsfolk, men også krigarar og drapsmenn. Dette må ein ta med dersom ein skal fortelje heile historia. Det gjer musea nesten ikkje i det heile tatt, ifølge Grepstad.

– Du vil ha mindre fokus på estetikk?

– Dei må gjerne framheve estetikken i objekta frå vikingtida, men eg synest musea har ei slags berøringsangst for å gå inn i heile historia om vikingane, seier Grepstad.

«Tida må vere ute for rosemåla forteljingar om skandinavarar på handletur i vakre skip med glinsande sverd. Dei skipa romma gods og gull og sjømannskap, men også helvete på jord.»

Ottar Grepstad

– Eit snevert perspektiv

Sagastad på Nordfjordeid opna dørene tidlegare i år. Det er eit kunnskapssenter om vikingtida med det 30 meter lange Myklebustskipet som hovudattraksjon. Museet er eitt av fleire som blir nemnd i kronikken til Grepstad.

Styreleiar i Stiftinga Sagastad, Roger Bergset, synest forfattaren har eit snevert perspektiv.

Roger Bergset

STYRELEIAR: Roger Bergset i Stiftinga Sagastad fortel at dei kjem til å jobbe med å vidareutvikle innhaldet i vikingsenteret.

Foto: Måløy Marine Ressurssenter

– Det Grepstad seier er ikkje direkte feil, men det er eit litt snevert syn. Vi hadde som målsetting å setje historia i eit litt større perspektiv og fortelje korleis folk levde i vikingtida. Det meiner eg vi har oppnådd, seier Bergset.

Grepstad held fast på kritikken. Tidlegare denne veka debatterte han temaet i Dagsnytt 18.

– Sagastad skriv i utstillinga si at «vikingsamfunnet var eit krigarsamfunn». Det er heilt riktig, men dei seier ikkje noko om kva dette inneber. Dei fortel absolutt ingenting om kva det medførte for offera som blei utsett for desse handlingane, seier Grepstad til NRK.

Overraskar med grafisk forteljing

Bergset vedgår at han ikkje heilt forstår delar av kritikken som kjem fram i kronikken. Ved fleire høve påpeikar Grepstad nemleg at Sagastad fortel brutale vikinghistorier.

– I ein film om Myklebustskipet, som no er rekonstruert, kjem det umotivert fram ei detaljert skildring av ei rituell gruppevaldtekt og korleis den valdtekne blei drepen etterpå. Dette blir vist i ein slags familiefilm. Det er heilt meiningslaust, seier Grepstad.

Men likevel tek du til orde for at musea skal fortelje denne delen av historia?

– På Sagastad kjem denne skildringa heilt utan forvarsel. Det er ingenting elles i utstillinga som byggjer opp mot dette. Då blir det feilplassert, meiner Grepstad.

Bakgrunnen for at jølstringen tok pennen fatt var ei runde med museumsbesøk over heile landet. Han besøkte vikingskipsmuseet på Bygdøy, historisk museum i Oslo og det nyopna senteret Sagastad på Nordfjordeid.

Vikingskip på Nordfjordeid

ESTETIKK: Norske museum fortel om mektige skip og vakre gjenstandar i vikingtida, men skjuler ugjerningane, skriv forfattar Ottar Grepstad.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

– Eg reiste med opne sansar og visste ikkje kva som venta meg. Eg blei litt nedstemd over det eg oppdaga.

Grepstad kjenner bransjen godt. Han har sjølv vore leiar for Nynorsk kultursentrum i 20 år. Der har han mellom anna leia oppføringa av Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda.

Ynskjer eit tydelegare språk

Stipendiat i kulturminneforvaltning og museologi ved NTNU, Christina Næss, meiner det må vere rom for det vonde i musea, sjølv når «skurkane» er ei folkegruppe vi framleis haustar nasjonalfølelse og identitet frå.

Grepstad har rett i at mange norske museum «rosemålar» vikingane, og at dei ordlegg seg i overkant vagt når dei først prøver å omtale ugjerningane.

Christina Næss

VAGT SPRÅK: Christina Næss meiner musea i stor grad ordlegg seg vagt når dei omtaler ugjerningane.

Foto: NTNU

Kronikkforfattaren meiner musea skjuler ugjerningane. Har han eit poeng?

– Musea gjer eit utval både av gjenstandar og tilhøyrande historier når ei utstilling blir til. Det treng ikkje å bety at ein med viten og vilje skjuler ubehageleg informasjon om vikingtida.

Ho held fram:

– Å ta opp problematiske tema og bruke direkte ordelag på merkelappar plassert godt over barnehøgd, som Grepstad føreslår, kan vere ein veg å gå for musea, seier ho.

– Ei omfattande historie

Bergset fortel at litt av målsettinga med Sagastad var å skape engasjement.

– Eg synest det er positivt at folk engasjerer seg. Då har vi oppnådd målsettinga vi hadde då vi bygde senteret.

Kva kan musea gjere for å få fram dei brutale sidene av vikinghistoria?

– Vi kjem til å jobbe med å vidareutvikle innhaldet i senteret. Vi har mykje å byggje vidare på. Ikkje berre krigshistoria, seier Bergset.

– Vikinghistoria er omfattande. Det må vi prøve å formidle på musea, legg han til.