- Eg tykkjer dette er ei så viktig teneste for folk i Sogn og Fjordane at vi kan ikkje risikere at den uteblir fordi det manglar 150.000 kroner, seier Sandal.
Eige utstyr
I seks år har dei to redningsdykkarane i Sogn og Fjordane drive med sitt eige utstyr i regi av Norges Røde Kors. Men snart kan den imponerande redningsduoen vere historie. Dei treng 150.000 kroner årleg for å kunne drive forsvarleg. Men ingen vil støtte redningsdykkarane, utanom luftambulansen i Førde som har gitt dei sambandsutstyr.
Spleiselag
- Mi utfordring er at dei instansane som har ansvar for dette går saman for å finne ei løysing. Her må dei som har ansvaret for helsetenestene i fylket, Helse Førde, bli med, og om naudsynt tykkjer eg fylkeskommunen må bli med i eit spleiselag, seier Krf-representanten.