Hopp til innhold

Vil ha eit sjølvstendig fellessjukehus på Nordvestlandet

Sjukehusaksjonane i Nordfjord og Volda føreslår ein ny akuttsjukehusstruktur for Nordvestlandet.

Nordfjord Sjukehus

ØNSKJER SAMANSLÅING: Sjukehusaksjonen Nordfjord og Folkeaksjonen for Volda Sjukehus ønskjer eit fellessjukehus i framtida.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Jan Eide

TRUR PÅ IDEEN: Jan Eide i Sjukehusaksjonen Nordfjord seier forslaget om eit fellessjukehus er realistisk.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I eit ope brev til helse- og omsorgsministeren ber dei om at regjeringa opprettar eit sjølvstendig fellesjukehus for Volda og Nordfjord, skriv Fjordabladet.

Jan Eide i Sjukehusaksjonen Nordfjord meiner befolkningsgrunnlaget i regionen er stort nok til at forslaget er realistisk.

– Eg meiner dette bør vere ypparleg. Ser vi på befolkningsgrunnlaget og dei som soknar til Volda, er vi oppe i 80.000 personar, seier han til NRK.no.

Sjukehusaksjonen ønskjer eit nytt «sjukehuskart» fordi dei fryktar at Nordfjord sjukehus kan forsvinne i framtida.

– Det same kan skje med Volda, det er eit visst press også der. Vi har hatt samarbeid med Volda før og til ein viss grad no også med fødeklinikken.

Eide seier sjukehuset i Eid har mista fleire og fleire funksjonar. Difor vil han ha sjukehuset ut av Helse Førde og slå det saman med Volda.

– Kan vi få eit betre sjukehustilbod på den måten, så vil vi det. Det er også den kortaste vegen og vi er opptekne av å ha pasienten i fokus.