Hopp til innhold

Føreslår nedlegging av ung.psyk.

Ungdomsavdelinga for Psykiatrisk Helsevern i Førde bør leggjast ned. Det tilrår ein ekstern rapport.

Nok ein gong står Førdes Ungdomsavdelinga for Psykisk Helse (UPH) i fare for å bli lagt ned. Helse Førde har hyra inn eit revisorfirma til å gjere ei vurdering på om UPH fortener livets rett.

I ein rapport fredag gav PriceWaterhouseCooper sin dom - dei rådar Helse Førde til å legge ned UPH.

- Det er uforsvarleg å halde fram drifta når framtida er så usikker, heiter det i rapporten.

Må tilsetje spesialpsykiater

Årsaka er at dersom avdelinga skal kunne gje forsvarleg behandling, må dei tilsetje ein barne og ungdomspsykiater ved årsskiftet. Det trur dei ikkje at Helse Førde vil få til.

Representant for brukargruppa i Helse Førde, Erling Jahn, er opprørt over at ikkje meir har blitt gjort for å unngå situasjonen.

– Helse Førde har ikkje gjort noko forsøk på å tilsette nokon. No ligg mangelen på tilsette til grunn for å legge ned heile avdelinga, seier Jahn.

– Har ikkje kunne tilsetje

– Vi har ikkje lyst ut etter psykologspesialist, nei, vedgår Ole Christian Reusch, direktør for Psykisk Helsevern ved Helse Førde.

Ifølgje Reush har ein ikkje hatt ledig myndigheit frå Helse Vest, det vil seie at den aktuelle stillingsposten har vore opptatt. Den vart ledig i januar, men i påvente av rapporten har ein ikkje ville lyse ut stillinga.

– Vi har ikkje testa ut det markedet som vi no blir kritisert for at vi ikkje har søkt om.

Når PCW ikkje trur at Helse Førde kan få tak i ein spesialistpsykiater, er det altså ikkje fordi helseføretaket har mislykkast før. Det PCW legg til grunn, er at det per i dag berre er 300 spesialistar med nødvendig kompetanse i Norge.

– Det er konkurranse om dei overalt, det er det som ligg til grunn. Det vi vurderer no er om vi skal forsøke eller berre byggje ut i BUP (Barne- og ungdomspsykiatrisk), seier Reusch.

Alternativet: Kutte Sogndal og Nordfjord

Revisorfirmaet sitt alternativ til vidare drift av UPH, er å leggje til sengepostar ved ungdomspsykiatrisk poliklinikk, BUP, i Sogndal og Nordfjord. Dei pasientane som har behov for innlegging vil då bli sende til Bergen.

– Det er svært dramatisk. Vi har unge som treng dette tilbodet i fylket, meiner Erling Jahn i brukargruppa.

Han er svært uroa for korleis dette vil slå ut for born og unge i Sogn og Fjordane som treng innlegging.

– Dersom tilbodet ikkje er forsvarlig er det bedre at vi sender dei til Bergen, seier Christian Reusch, direktør for Psykisk Helsevern.