Hopp til innhold

Føreslår eitt politidistrikt i vest

Politianalysen føresler å slå Sogn og Fjordane politidistrikt saman med Rogaland og Hordaland. Tal lensmannskontor er føreslått redusert med 40 prosent.

Spente politifolk følgjer politipresentasjonen.

VENTAR SPENT: Politifolk følgde spent med på overføringa frå presentasjonen av politianalysen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Justisminister Grethe Faremo (Ap) mottok i dag den mykje omtala politianalysen.

Utvalsleiar Arne Røksund stod for den offisielle presentasjonen og overleveringa under ein pressekonferanse.

– Eg tykkjer det er interessant å høyre endringane som er føreslått. Vi vil setje oss ned og komme med innspel, seier fylkesleiar i Politiets Fellesforbund Sogn og Fjordane, Kjetil Drange.

– For små distrikt

Utvalet har gått grundig igjennom alle aspekt av politiet og fann fleire forbetringspotensiale. Dei har vidare vurdert tre organisasjonsmodellar for politidistrikta.

Tilrådinga er å redusere tal politidistrikt frå 27 til seks. Samstundes ynskjer dei også å redusere tal tenestestader frå 354 til kring 210.

Politihuset i Florø

SLUTT?: Sogn og Fjordane Politidistrikt er føreslått slått saman med Hordaland og Rogaland.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi ser at operasjonssentralar ikkje er rusta eller øvd for store hendingar. Dei er for små, og det er samstundes for liten aktivitet til å gje auka bemanning og trening, sa Røksund.

Fleire modellar

– Vi vurderte ein modell med fylkesvise politidistrikt, ein mellom-modell og ein med seks distrikt. I høve til kriteriane politiet skal oppfylle, var det liten variasjon mellom dei to første. Berre med seks distrikt fekk vi oppfylt kriteriane, som til dømes operasjonssentral, innsatsleiar, analyser, førebygging og så vidare, sa Røksund.

Analysane avdekka at kring 40 prosent av tenestestadane har fem eller færre tilsette.

For å få fungerande tomannspatruljar, må tenestestadane ha 18 tenestemenn.

Frå 354 til 210

Dette er det berre 23 prosent av tenestestadane som oppfyller. Utvalsleiaren la også til at små einingar er mindre effektive enn større.

– Lokalt politi skal styrkast gjennom auka politibemanning og samanslåing av små tenestestader. Tal tenestestader skal reduserast frå 354 til 210 tenestestader, sa Røksund.

Kjetil Drange

FYLKESLEIAR: Kjetil Drange i Politiets Fellesforbund.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesleiar Drange i Politiets Fellesforbund seier det viktigaste ikkje er kvar politiet blir leia frå, men at det er kvalitet.

– Det kjem an på kva modell ein legg til grunn. For det blir ikkje nedlagt utan vidare, det er snakk om samanslåing. Her er det også avstandar og tidsfaktorar, fjordar og fjell og ferjer, som eg reknar med er faktorar som kan utløyse eventuelle samanslåingar, seier han.

To reformar

Faremo skildra analysen som den grundigaste som nokongong er gjort av politiet i Norge.

I sitt arbeid fann utvalet fleire forbetringspotensial, og rår difor til to reformar i norsk politi: ei strukturreform og ei kvalitetsreform.

– Vi har fått ein svært grundig gjennomgang av norsk politi. Utvalet føreslår omfattande endringar. Eg vil ha eit sterkt tilstadesværande nærpoliti og vil difor gå nøye gjennom analysen og vurdere alle framlegg og høyringsinnspel, seier justis- og beredskapsminister Faremo.

Ikkje godt nok rusta

Grunnleggande utviklingstrekk i samfunnet utfordrar den norske politimodellen, og stiller nye krav til kva som er god politieneste. Framdias politi må kunne møte den kompliserte, alvorlege og grenseoverskridande kriminalitet, og samstundes levere ei god polititeneste der innbyggjarane er.

Utvalet meiner at politiet ikkje i tilstrekkeleg grad er organisert, styrt og leia for å møte ei slik utvikling.

– På den eine sida har ikkje politiet naudsynte rammevilkår for å kunne styre, leie og utvikle verksemda på ein småte som best mogeleg svarar til oppgåvene. På den andre sida har heller ikkje politiet evna å utnytte dei mogelegheiter som faktisk finnast, sa utvalsleiar Røksund.

Handlingsrom

Utvalet meiner politeit må få større handlingsrom til å organisere, styre og leie verksemda.

Strukturreforma har som føremål å styrke politiet sin innsats mot kjerneoppgåvene, byggje robuste politidistrikt og sikre eit lokalt politi med gode føresetnader for å drive effektiv førebygging, sikre lov og orden og tilby ei god polititeneste lokalt.

I tillegg til samanslåing av politidistrikt, auka politibemanning og færre små tenestestader, rår utvalet til å fokusere politiets oppgåvesett mot kjerneoppgåver.

Skal på høyring

Kvalitetsreforma har som føremål å utvikle eit kunnskapsbasert og effektivt politi med evne til kontinuerleg forbetring og utvikling.

Kvalitetsreforma omfattar forbetring i styring og leiingsprosessar, samt forbetring knytt til kvalitet og prestasjonar.

Faremo skal no gå igjennom rapporten, som også skal ut på høyring.