NRK Meny

Føreslår å kjøpe brannbil

For å betre brannberedskapen i Bremanger føreslår brannsjefen å kjøpe inn ein ny brannbil. I mars byrja det å brenne i tre rekkehus i Svelgen og det vart avdekka at det var for lite vatn til å drive sløkkearbeidet. Ti personar vart huslause etter brannen. Ein ny brannbil vil koste to millionar kroner, og er føreslått på budsjettet for 2016, skriv Firdaposten.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå