Hopp til innhold

Foreldrefrykt i Hornindal

Foreldre i Hornindal er sterkt uroa for utviklinga i ungdomskulturen i kommunen

Etter sommaren har det vore ei oppblomstring av unge tenåringar som drikk alkohol på kveldstid.

No oppmodar foreldra kommunen til å kome med fleire aktivitetstilbod for ungdommen på kveldstid ,og strengare kontroll av ungdomshusa.

Også ordføraren i Hornindal, Bjørn Lødemel, er uroa over utviklinga.

Fleire ungdommar i 13 -14 års alderen har den siste tida blitt observert alkoholpåverka på Dølheim, eit ungdomshus som Hornindal Ungdomslag disponerer og ofte leiger ut til private festar.

Lødemel seier dette er ei utvikling dei vil prøve å snu, og han vil snakke med ungdomslaget som leiger ut huset. Han er likevel ikkje heilt samd i at kommunen har eit dårleg tilbod for dei yngste tenåringane