Hopp til innhold

Foreldre uroa for kutt i skulefritidsordninga

Eid kommune må finne innsparingar på 11 millionar kroner i budsjettet for neste år. Det har skapt uro hos fleire foreldre.

Stårheim skule i Eid

KAN MISTE SFO: Skulefritidsordninga ved Stårheim skule er eitt av tre slike tilbod som kan bli kutta når kommunen skal spare.

Foto: Ottar Starheim / NRK

For eitt av framlegga til kutt er å leggje ned skulefritidsordninga ved dei tre grendeskulane i kommunen.

– Vi blei lettare sjokkert då vi fekk høyre om dette. Vi er avhengige av å ha dei på SFO så vi kan vere i arbeid sjølv, seier Reidun Ytre-Hauge Ivesdal frå Stårheim.

– Treng levande bygder

Ho har fire ungar og er avhengig av skulefritidsordninga (SFO). No er ho uroa over faren for å miste tilbodet som fungerer som avlasting for foreldre og gjev ungane ein plass å vere før og etter skuletid.

– Eid kommune treng levande bygder, og å ta vekk SFO vil gjere bygdene mine attraktive å busetje seg i, seier Ytre-Hauge Isdal.

Å kutte i skulefritidsordninga vil utgjere 200 000 kroner i året i innsparingar for kommunen.

– Det blir opp til politikarane om kostnadane med det er så store at dei ikkje ønskjer det. Eventuelt må dei seie til oss at vi må kome tilbake med andre framlegg til kutt, seier rådmann Åslaug Krogsæter.

Eigedomsskatt ikkje nok

Ein annan måte å få budsjettkabalen til å gå opp, er å auke eigedomsskatten.

Åslaug Krogsæter

KJEM IKKJE UTANOM: Rådmann Åslaug Krogsæter slår fast at det må kuttast i drifta.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Men sjølv om ein skulle auke eigedomsskatten vil det uansett ikkje vere mogleg å dekke inn alt vi manglar på det, så vi er nøydde til å finne kutt i drifta, seier rådmannen.

17. desember skal politikarane bestemme seg for korleis det endelege budsjettet skal bli. Framlegget som no ligg på bordet er så nytt at ingen av partia har fått tid til å diskutere det. Difor kan ikkje ordføraren gje noko klart svar til foreldre som no er uroa.

– Men eg trur i alle fall at ein kan love at alle parti og alle politikarar ser at dette er eit alvorleg kutt som har konsekvensar for tilbodet utover i bygdene på Eid, seier Alfred Bjørlo, som synest det trist å måtte gjere kutt.

Må gjere vanskelege kutt

Alfred Bjørlo

IKKJE HYGGELEG: Det seier ordførar Alfred Bjørlo om kuttframlegga.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi opplever i likskap med mange andre kommunar at vi har mindre pengar å rutte med år for år, samstundes som dei kommunale oppgåvene veks. Lønskostnadane stig meir enn veksten i inntekter vi får frå Staten, seier Bjørlo.

Likevel set Reidun Ytre-Hauge Isdal si lit til at politikarane vil ta det ho meiner er rett avgjerd.

– Eg har veldig tru på at politikarane i Eid forstår at dette vil skape negative ringverknader på veldig mange område og stolar på at dei fiksar dette.