Foreldre stod rasvakt for skulebuss

Eit 20-tals foreldre stod måndag morgon rasvakt då skulebussen passerte Ugla mellom Olden og Innvik i Stryn.

Foreldre står rasvakt ved Ugla mellom Olden og Innvik.

RASVAKT: Skulebussen vart møtt av demonstrerande foreldre då den køyrde forbi Ugla på fylkesveg 60.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

På eit halvt år har fylkesveg 60 vore stengd i fleire dagar på grunn av store ras ved Ugla.

I dag aksjonerte foreldra for ein tryggare veg både for skuleelevar og pendlarar. I haust kjem samferdsleminister Marit Arnstad (Sp) på besøk.

– Vi har tre hovudmål. To strakstiltak som går på rassikring og omlegging av det vi lokalt kallar Knarrurda, regelmessig besøk av geolog og at Ugla–Skarstein blir finansiert og utbygd, seier ein av aksjonistane, Olav Rune Haugen.

– Vegrar seg

Då skulebussen gjekk forbi til første skuledag i dag, vart den møtt av aksjonistar i gule vestar ved rasutsette Ugla. Her har store steinmassar dundra i vegen siste tida.

Roar Henden

VEGRAR: Roar Henden.

Foto: privat

Sist i juli då vegen var stengd i to dagar. Roar Henden kom då til rasstaden berre minuttar etter at steinblokkene hadde rasa ut.

– Eg kjem til å vegra meg for å køyre denne vegbiten her før den blir utbetra. Det er ei stor skam at me sit att med vegstrekningar som har so dårleg standard, sa Henden då.

– Pengane er der

Foreldra fryktar at dei går ein ny haust og vinter i møte med stor rasfare hengande over seg. Vegstrekka forbi rasutsette Ugla skal på sikt leggjast i tunnel. Til den tid er kravet strakstiltak som foreldra meiner skal vere gjort på ei vekes tid. Og pengane meiner dei finnast.

Steinblokker sperrar vegen mellom Olden - Innvik

SIST: Slik såg det ut då steinblokker sperra Olden - Innvik i sommar.

Foto: NRK.no-tipsar

– Slik eg har forstått det, så er det berre å få det vedteke. Eg forstår det slik at midlane er der, og kostnaden knytt opp mot risikoen 50 skuleborn og 100 pendlarar opplever kvar dag er ubetydeleg, seier Haugen og legg til:

– Kravet er at fylkeskommunen må finne midlane for utbygging i løpet av hausten 2012, slik at ein får starta arbeidet i 2013.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Stort ras mellom Olden og Innvik

SJÅ TV-SAK: Stort ras mellom Olden og Innvik.

Fryktar fleire ras

Rasområdet er godt synleg frå vegen, og det ligg framleis mykje lausmasse att i fjellsida.

Rasstad ved Ugla mellom Olden og Innvik.

SYNLEG: Rasstaden ved Ugla mellom Olden og Innvik.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Her vil det rase igjen, men vi veit ikkje når. Vi må ha tryggleiken no, seier Tanja Hage.

– Engasjementet i Vikane er vesentleg høgare no enn tidlegare. Og no er tolmodet slutt, legg Haugen til.

– Vi har berre eitt mål

Foreldre står rasvakt ved Ugla.

AKSJONERTE: Olav Rune Haugen og Tanja Hage.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Lokalpolitikarane i Stryn har tidlegare sagt nei til finansiere opprustinga av fylkesveg 60 med bompengar .

– Det er ulik oppfatning på kor lang tid bompengefinansieringa ville tatt. Den diskusjonen er uansett lagt bak oss. Fylkestinget har vedteke ei prioriteringsliste, der Olden–Innvik er på førsteplass. Vi har berre eitt mål no, å syte for at fylkestinget gjer vedtak i desember som gjer at sluttfinansieringa kjem på plass, seier Haugen.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Ras stopper tunnelåpning

SJÅ TV-SAK: Ras stoppar tunnelåpning.

Ministeren kjem

Lokalpolitikar Jofrid Hestenes (Sp), medlem i formannskapet og kommunestyret, seier det er gjort avtale med samferdsleminister Marit Arnstad.

Foreldre står rasvakt ved Ugla.

AKSJONERTE: Olav Rune Haugen og Tanja Hage.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Ho vil i haust komme til Stryn for å sjå på både Strynefjellsvegen og fylkesveg 60, vegstrekka som for nokre år attende vart kåra til Norges verste veg.

– Vi har håp om at fylket får tilført meir statlege middel. Det må til for at vi skal få fullfinansiert siste delen Skarstein–Ugla, seier Hestenes.

Sekund frå å bli treft

Også i oktober i fjor vart vegen stengd i fleire dagar. Pål Westberg Langrind og kona hans var då berre sekund frå å bli treft av eit steinras.

Ekteparet køyrde like bak ein mjølkebil då store steinblokker dundra i vegen rett framfor dei .

– Eg bremsa det eg kunne og stod der. Først var eg i tvil om eg skulle gå ut eller ikkje. Eg frykta det kunne komme meir anten framfor oss eller bak oss og vart sitjande nokre sekund før eg rygga ut, fortalte Westberg Langrind då.

Raset som stengde vegen mellom Olden og Innvik i går skaper frykt for nye ras blant dei som bur i området. Ekspertar seier vestlendingar må bu seg på fleire ras sommarstid, dersom det ikkje blir mindre nedbør.

SJÅ TV-SAK: Nedbør skaper rasfare - midt på sommaren.