Hopp til innhold

Foreldre rysta over nei til gangveg

Innbyggjarane fryktar for ungane, men fylkespolitikarane vil ikkje byggje gang- og sykkelveg i Olden.

Foreldre krev gangveg i Olden

FOLKEKRAV: Innbyggjarane i den vesle bygda Skarstein i Olden nådde ikkje fram med kravet om ny gang- og sykkelveg.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

– Folk klatrar gjerne ut av vegen når det kjem lastebilar. Vi kan ikkje sende ungar ut langs vegen, det går ikkje i det heile, seier Kenneth Sølvberg.

Han bur på Skarstein i Olden og hadde håpa på ein tryggare skuleveg for borna sine, når arbeidet med å utbetre den siste biten av fylkesvegen mellom Olden og Innvik snart startar. Men med den nye vegen, følger det ikkje med gang- og sykkelveg ved innkøyringa til Olden sentrum.

– Eg tykkjer det er heilt utruleg at fylkespolitikarane ikkje vil byggje gang- og sykkelveg når det er så nære sentrum og det er under fire kilometer til skulen. Det burde vere eit absolutt krav når dei no skal utbetre vegen samstundes. Det blir ikkje noko betre når farten blir større, seier Sølvberg.

Politikarane må prioritere

Noralv Distad er fylkespolitikar og leiar i samferdsleutvalet. Han forstår at foreldre er uroa for borna sine, men slik økomien til fylkeskommunen er i dag, fann dei ikkje rom for gang- og sykkelveg inn til Olden i denne omgang.

Noralv Distad Høgre fylkestinget

MÅ PRIORITERE: Fylkespolitikar Noralv Distad (H) seier dei ikkje fann rom for gang- og sykkelveg i Olden i denne omgang.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Me må gjera ei totalvurdering av alle dei prosjekta som er elles i fylket. Det får vera ei mager trøyst for alle dei som ventar på at dei skal få bygd ein gang- og sykkelveg, seier Distad.

Han var ein av dei som sat på fylkestinget i mars, då det vart vedtatt å byggje ny fylkesveg, men utan gang- og sykkelveg.

– Dette er eit veldig kostnadskrevjande tiltak, men som òg skaper mykje større tryggleik i trafikken. Me må ikkje gløyma det som var hovudsaka her, nemleg å få skikkeleg standard på heile strekninga, seier Distad.

Mange om beinet

Sikker skuleveg frå Skarstein

GAMALT KRAV: Eit avisutklipp frå 1990 syner at det ikkje er første gongen at innbyggjarane i Skarstein krev sikker skuleveg.

Foto: Faksimile frå Fjordingen / NRK

Kenneth Sølvberg er ueinig i prioriteringa. Det er kanskje få som bur på Skarstein, men i tillegg til å vere redde for barna sine, er folk uroa for cruiseturistane.

– Det aular ut på vegane med turistar som kjem frå alle cruiseskipa som ligg til land her. Dei går gjerne over på andre sida for å ta bilete av båtane. Så det er fare for at nokon blir påkøyrd, seier Sølvberg.

Distad seier dei vilha fleire gang- og sykkelvegar, men at det er mange om beinet.

– Me må jobba for at vi får gode rammer for det i framtida. Men det er mange som ventar på gang- og sykkelveg i Sogn og Fjordane, seier Distad.

– Før eller seinare må det bli bygd gang og sykkelveg her, det vil tvinge seg fram før eller seinare. Vi har ungar sjølve og dei sender vi ikkje ut på vegen så lenge det ikkje er gang- og sykkelveg her, seier Sølvberg.