NRK Meny
Normal

Nektar å godta at politiet legg vekk mobbesak

Politiet har lagt vekk saka der eit foreldrepar har politimeld Vågsøy kommune og rektoren ved ein barneskule for å ikkje ha gjort nok for å hindre mobbing. No klagar foreldra.

– Saka er påklaga til Statsadvokaten, seier politiadvokat Inger Beth Fosse.

Det var i fjor sommar foreldreparet politimelde både Vågsøy kommune og rektoren ved ein barneskule for mobbing. Dei meiner kommunen har brote opplæringslova, og ikkje gjort nok og ikkje gjort nok for å hindre at sonen deira vart mobba.

Etter eit omfattande arbeid med gjennomgang av dokumentasjon og avhøyr, var politiet i Vågsøy ferdige med etterforskinga i mars i år.

Når foreldra no har klaga på politiet si avgjerd om å leggje vekk saka, er det opp til Statsadvokaten i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane å avgjere kva som skjer vidare.

– Statsadvokaten kan enten stå ved vår avgjerd om å leggje vekk saka, gje ordre om ytterlegare etterforsking, eller gje ordre om tiltale, seier Fosse.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser